Liege & Lief er det fjerde albumet til den engelske folkrockgruppa Fairport Convention og kom ut i 1969. Albumet består av tradisjonelle songar og melodiar, i lag med originale songar skriven i same stil. Instrumenta er ei blanding av akustiske og elektriske instrument og Sandy Denny syng solovokal på dei fleste songane. Albumet vart særs viktig og gjorde mykje får å etablere britisk folkrock som ein eigen sjanger.

Historie Etter at ei bilulukke hadde teke livet av Martin Lamble, stod bandet utan trommeslagar. Etter at Unhalfbricking kom ut, tok Dave Mattacks over, og etter å ha tidlegare spelt med Mecca Ballrooms, måtte han «lære seg ein heilt ny trommestil» Dave Swarbrick, som var noko eldre enn resten av bandet, hadde alt spelt i ein suksessfull duett med gitarist Martin Carthy. Etter at han deltok på Unhalfbricking vart han fulltidsmedlem av Fairport.

Bandet byrja å øve og sette i saman Liege & Lief i løpet av sommaren 1969 i eit hus i Farley Chamberlayne, nær Winchester. Albumet vart lansert med ein utseld konsert i Royal Festival Hall i London seint i 1969.

Borte var songane av Bob Dylan og andre musikarar, og desse var erstatta av elektriske versjonar av tradisjonelle engelske folkeviser go den første av ei lang rekkje instrumentale medleyar av folkedansmelodiar driven av fiolinen til Dave Swarbrick. Dei fleste av songane var henta til bandet av Ashley Hutchings frå samlinga til Cecil Sharp, som ein fann i English Folk Dance and Song Society.

Tittelen består av dei middelengelske orda liege som tyder «lojal» og lief som tyder «klar». Plateomslaget var i grått og rosa, og består av ei skisse av bandet.

Kort tid etter at Liege & Lief kom ut, forlet Ashley Hutchings bandet for å spele meir tradisjonell musikk i det nye bandet sitt, Steeleye Span; Sandy Denny forlet òg bandet og starta Fotheringay.

I 2007 kom det doble Liege and Lief Deluxe Edition ut. Den andre plata bestod hovudsakleg av konsertopptak frå BBC og to stilmessige ukarakteristiske unytta songar, Frank Sinatra-songane «The Lady Is a Tramp» og «Fly Me to the Moon».

Mottaking og påverknad

Liege & Lief vart promotert av John Peel på radioprogrammet hans Top Gear og albumet låg femten veker på den britiske albumlista, med 17. plass som høgaste plassering.

Kritikaren til AllMusic oppsummerte albumet med «sjølv om det var det mest folk-orienterte albumet til Fairport Convention til då, så rocka det òg hardt på ein gjennomført original og kompromisslaus måte».

Albumet fekk stor innverknad på utviklinga av britisk folkrock. Det vart stemnd fram som «det viktigaste folkemusikkalbumet gjennom tidene» av lyttarane på BBC Radio 2 i 2002, og i 2006 vann det prisen som viktigaste folkemusikkalbum gjennom tidene på same kanal. For denne hendinga møtte dei originale medlemmene Simon Nicol, Richard Thompson, Ashley Hutchings, Dave Swarbrick, Dave Mattacks, med Chris While for Sandy Denny, for å spele «Matty Groves». Georgia Lucas, dottera til Sandy Denny og Trevor Lucas, tok imot prisen på vegner av den avdøde mora. 10. august 2007 spelte badnet heile albumet under Cropredyfestivalen.

I juni 2007 sette Mojo albumet på 58. plass på lista deira over «100 plater som endra verda».

Innhald

Plate to: Unytta studioopptak og BBC-innspelignar Gjeven ut i 2007.

Medverkande Sandy Denny - vokal Dave Swarbrick - fele, bratsj Richard Thompson - elektrisk & akustisk gitar, korvokal Simon Nicol - elektrisk, 6-strengs & 12-strengs akustisk gitarr, korvokal Ashley Hutchings - bassgitar, korvokal Dave Mattacks - trommer, perkusjon

Produksjon Produsert av Joe Boyd for Witchseason Productions, Ltd. Innspelt i Sound Techniques Ltd., London Lydteknikar: John Wood Fotografi – Eric Hayes Plateomslag og design – Fairport & Roberta Nicol Designkoordinering – Diogenic Attempts Ltd

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Liege & Lief» frå , den 26. januar 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fairport Convention-album Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Island Records-album Kategori:Album produserte av Joe Boyd Kategori:A&M Records-album