Indonesisk er eit austronesisk språk som er det offisielle språket i Indonesia. Det høyrer til den malayopolynesiske språkgruppa, og er svært likt malayisk frå Malaysia.

Rundt 20 millionar menneske har indonesisk som morsmål. I tillegg snakkar rundt 200 millionar menneske språket som andrespråk, ettersom det er brukt i utdanningssystemet, statsapparatetet og media i Indonesia.

Indonesisk fekk offisiell status i Indonesia etter at landet fekk sjølvstende frå Nederland i 1945. Mange nederlandske lånord i indonesisk utgjer ein klar forskjell frå malayisk. Språket er også blitt påverka av ulike lokale språk, som javanesisk.

Indonesisk blir skrive med det latinske alfabetet. Det har nært samsvar mellom uttale og skrivemåte, ettersom det er eit relativt ungt skriftspråk.

Bakgrunnsstoff Indonesian - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA). Indonesisk-engelsk ordbok

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Indonesisk» frå , den 27. mars 2012.

Kategori:Malayiske språk Kategori:Språk i Indonesia Kategori:Språk i Aust-Timor Kategori:Einskildspråk

de:Malaiische Sprache#Geschichte