Harstad (nordsamisk ) er ein by og administrasjonssenteret i Harstad kommune i Troms fylke. Byen har og er etter folketal den nest største byen i fylket, og den tredje største byen i Nord-Noreg.
Byen ligg nordaust på Hinnøya, og den nord- og sørgåande Hurtigruta møtast her kvar morgon. Harstad er ein kulturby og er fast vertsskap for Festspela i Nord-Norge, som blir arrangert kring sankthans kvart år. Harstad kulturhus stod ferdig i 1992.
UiT Noregs arktiske universitet har campus i Harstad, med om lag 1 200 studentar.
Bydelar Bydelar i Harstad: Trondenes, Sama, Harstadåsen, Skaret, Sentrum, Heggen, Seljestad, Harstadbotn, Åsby, Gangsås, Stangnes og Kanebogen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Harstad» frå , og «Harstad» frå den 3. juli 2012.
Kategori:Busetnader i Harstad Kategori:Hurtigruteanløp i Troms Kategori:Byar i Troms Kategori:Tettstader i Troms Kategori:Kommunesenter i Troms