Hans-Christian Udnæs ()Skattelistene 2001-2009 er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han er utdanna hydrolog og busett på Lillehammer.
Karriere Udnæs vart noregsmeister på 50 km langrenn i 1987. NM-rennet i Steinkjer gjekk under tunge tilhøve. Han vann då med klar marigin, halvtanna minutt, til toaren Hans Erik Tofte. I Holmenkollrenna oppnådde Udnæs si beste plassering i 1985, då han kom på 14. plass på 50-kilometeren. Han var klart best på dei lange distansane, hevda seg aldri på 15 km.
Udnæs representerte Kjelsås IL.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1985: Nr 12 på 50 km i Tromsø Ski-NM 1987: Gullmedalje på 50 km i Steinkjer Ski-NM 1988: Nr 4 på 50 km i Vang Ski-NM 1989: Nr 10 på 30 km på Geilo Ski-NM 1990: Nr 8 på 50 km på Gjøvik Ski-NM 1991: Nr 5 på 50 km i Bodø
I sin siste sesong på topplan, 1991, vart han beste nordmann i Vasaloppet med ein 6. plass.
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske langrennsløparar