Gottle O'Geer (tilskriven «Fairport» og til «Fairport Featuring Dave Swarbrick» i USA) er det ellevte studioalbumet til det engelske folkrock bandet Fairport Convention. Albumet vart gjeven ut gjennom Island Records i mai 1976.

Etter at Sandy Denny, Trevor Lucas og Jerry Donahue hadde gått frå bandet etter Rising for the Moon i 1975 var Fairport Convention redusert til Dave Swarbrick, Dave Pegg og Bruce Rowland, og platekontrakten deira gjorde dei nøydde til å lage eit album til for Island Records. Dette albumet vart resultatet og Allmusic har skildra det som «likegyldig».

Albumet var opphavleg meint som eit soloalbum for Swarbrick, som seinare sa at: «Gottle O'Geer, eg vil seie ein gong for alle at det aldri var meint som eit Fairport-album. Det skulle bli soloalbumet mitt, og eg ønskjer, som folk flest, at det hadde blitt det. Chris Blackwell, som for meg er den rikaste, dumme, mest omsynslause tosken eg nokon har vore så uheldig å møtt, hadde andre idear» Derfor er det mange gjesteartistar i rytmeseksjonen på denne plata.

Simon Nicol vart beden om å hjelpe til på prosjektet: «... det var mykje lydband, men det var i røynda litt som ein fillepose. Peggy og Swarb spurte meg om eg ville kome som lydteknikar for dei. Det var morosamt å vere involvert. Island gav oss bere nøklane og sa 'slå av lysa når de dreg', så det vart mange lange netter i studio.»

Albumtittelen kjem visstnok frå ein mindre flink buktalar som ikkje klarte å uttale «bottle of beer».

Innhald

Medverkande Dave Swarbrick: vokal, fele, bratsj, mandolin, mandocello, akustisk gitar, autoharpe, elektrisk dulcimer; Dave Pegg : bassgitar, mandolin, korvokal; Bruce Rowland : trommer, perkusjon, piano, orgel, korvokal

Andre musikarar Eric Johns : elektrisk gitar Nick Judd : piano Martin Carthy : akustisk gitar Ian Wilson : elektrisk gitar Jimmy Jewel : saksofon Henry Lowther : trompet, flygelhorn Robert Palmer : munnspel, korvokal Bob Brady : korvokal Roger Burridge : korvokal Benny Gallagher : trekkspel, korvokal Graham Lyle : dobro, korvokal Simon Nicol : elektrisk gitar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gottle O'Geer» frå , den 31. januar 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fairport Convention-album Kategori:Musikkalbum frå 1976