mini|Afghanarar ved den blå moskeen i Mazar-e-Sharif.

Afghanarar er innbyggjarar av Afghanistan og etterkomarane deira. Ordet «afghan» (dari og pasjto افغان, afḡān) har tradisjonelt vore brukt om pasjtunarar, men kan i dag også visa til dei andre folkegruppene i landet, som tadsjikar, hazarar og usbekar og ei rekkje mindre grupper.Ch. M. Kieffer, «AFGHAN», Encyclopaedia Iranica, Online Edition, 1982, iranicaonline.org.

35-55 % av afghanarar har pasjto som morsmål medan 25-50 % snakkar dari (persisk).. Tal frå før 1996. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Dei ulike minoritetsgruppene kan ha usbekisk, turkmensk, urdu, arabisk, balutsji og andre mindre språk som morsmål. Det er vanleg å kunna fleire språk, særleg blant folk som bur i byar.

Det lever rundt 31 millionar afghanarar i Afghanistan eller like over grensa i Pakistan eller Iran. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Rundt ein femtedel av desse bur i byar medan resten bur på landsbygda. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Her er landbruk den viktigaste levevegen, og fram til 1970-talet var mange afghanarar nomadar eller halvnomadar. Handel og transport er også viktige levevegar.

I andre land bur det mindre tal afghanarar som særleg har drege frå landet på grunn av den urolege stoda der sidan den sovjetiske invasjonen i 1978 og krigane som følgde. Det største talet på afghanarar etter Iran og Pakistan finn ein i Dei sameinte arabiske emirata (ca. 300 000 i 2006), Tyskland (126 334 i 2006) og USA (90 000 i 2013). Ved byrjinga av 2013 var ifølgje SN ein tredel av alle flyktningar i verda afghanarar.Johannessen, Bjørn. «Afghanistans befolkning» (5. april 2014), Store norske leksikon. Henta 8. september 2014.

Det store fleirtalet av afghanarar er muslimar. Rundt 80-89 % av befolkninga i Afghanistan er sunnimuslimar, 10-19 % er sjiamuslimar og eit mindra tal er ismailiar. 1 % eller mindre er sikhar, hinduar eller noko anna.; ; ; . Oppgjeven av Engelsk Wikipedia. Tidlegare religionar blant afghanarar er buddhisme og parsisme. I Nuristan (Hindukush) hadde stammefolk heilt fram til 1890-åra, då dei blei tvangsomvend til islam, eigne religionar som slektar på gammal vedisk gudstru.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Demographics of Afghanistan» frå , den 8. september 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Afghanistan Kategori:Asiatar