mini| Eurovision Song Contest 1966 (ESC 1966) var den ellevte gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Villa Louvigny i Luxembourg i Luxembourg. Finalen fann stad fredag 8. april. Austerrike vann konkurransen med songen «Merci Chérie», framført av Udo Jürgens på tysk.

Italia ville trekke seg berre nokon timar før finalen på grunn av at han var misnøgd med orkesteret og dei ikkje fekk ha med to gitaristar på scena, dei blei nekta å tekke seg og var dermed med i finalen. Ein regel om at kvart land måtte synge på sitt heimspråk blei innført dette året. Norden utvikla nabostemming, noko som gjorde at dei nordiske landa stemte på kvarandre. For fyrste gong var det også dansarar med på scena.

Bidraga Finale

Finalen blei halden den 8. april 1966 i Villa Louvigny. Austerrike vann konkurransen for fyrste gong. Noreg sitt bidrag, «Intet er nytt under solen» av Åse Kleveland, kom på tredjeplass. Belgia og Irland kom på ein delt 4. plass. Vest-Tyskland, Luxembourg og Finland kom på ein tredelt 10. plass. Monaco og Italia kom på ein delt 17. plass.

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng 1. Margot Eskens «Die Zeiger der Uhr» Tysk 10 7 2. Ulla Pia «Stop - mens legen er go'» Dansk 14 4 3. Tonia «Un peu de poivre, un peu de sel» Fransk 4 14 4. Michèle Torr «Ce soir je t'attendais» Fransk, tysk 10 7 5. Berta Ambrož «Brez besed» Slovensk 7 9 6. Åse Kleveland «Intet er nytt under solen» Norsk 3 15 7. Ann Christine Nyström «Playboy» Finsk 10 7 8. Madalena Iglésias «Ele e ela» Portugisisk 13 6 9. Udo Jürgens «Merci, Chérie» Tysk 1 31 10. Lill Lindfors & Svante Thuresson «Nygammal vals» Svensk 2 16 11. Raphael «Yo soy aquél» Spansk 7 9 12. Madeleine Pascal «Ne vois-tu pas?» Fransk 6 12 13. Tereza Kesovija «Bien plus fort» Fransk 17 0 14. Domenico Modugno «Dio, come ti amo» Italiensk 17 0 15. Dominique Walter «Chez nous» Fransk 16 1 16. Milly Scott «Fernando en Filippo» Nederlandsk 15 2 17. Dickie Rock «Come Back to Stay» Engelsk 4 14 18. Kenneth McKellar «A Man Without Love» Engelsk 9 8

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «ESC 1966» og «ESC 1966» frå og VG.no, den 3. februar 2011.

Kategori:Musikk i 1966 Kategori:Eurovision Song Contest etter år