Jacqueline «Jacqui» McShee () er ein engelsk songar. Sidan 1966 har ho vore medlem av Pentangle, eit jazzpåverka folkrockband.
McShee sin musikalske karriere starta som visesongar i britiske viseklubbar i midten av 1960-åra. Etter å ha arbeidd med John Renbourn var ho med på å danne Pentangle.
Pentangle utvikla seg raskt til eit av dei første britiske folkrockbanda. I tillegg til å trekkje til seg fans frå tradisjonell britisk folkmusikk, hadde dei og eit publikum innan rock, pop og psykedelisk folk. Det originale bandet spelte i blanding av balladar, blues og jazz, ofte i same musikkstykke.
I 1994 danna McShee eit nytt band kalla Jacqui McShee's Pentangle som framleis spelar i dag.
I 1995 spelte McShee som studiomusikar, i lag med ektemannen, trommeslagar Gerry Conway, på albumet Active in The Parish av visesongaren David Hughes. Det vart av magasinet Q kåra til Årets album.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jacqui McShee» frå , den 4. februar 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske visesongarar Kategori:Pentangle-medlemmer