It Don't Bother Me er det andre studioalbumet til den skotske visesongaren Bert Jansch og kom ut i desember 1965. Det vart produsert av Nathan Joseph og Bill Leader, sjølv om Leader ikkje var oppført i omslaget for dette.

Albumet inneheld ni songar av Jansch, ein av Alex Campbell («So Long (Been on the Road So Long)»), og den tradisjonelle «900 Miles». På den siste songen spelar Jansch banjo i staden for den akustiske gitaren han nyttar på dei andre songane. På «A Man I'd Rather Be» syng Roy Harper solovokal.http://musicnaut.iki.fi/musicnaut/royharper/discography/guest.html På «My Lover» spelar Harper òg noko gitar, medan John Renbourn spelar solo akustisk gitar. «Lucky Thirteen» er ein gitarduett med Renbourn, basert på ein song skriven av sistnemnde og visstnok spelt inn under innspelinga av Bert And John.See John Renbourn’s notes on Bert and John. «Tinkers Blues» og «The Wheel» er instrumentale spor av Jansch.

Innhald

Medverkande Bert Jansch - gitar, vokal Roy Harper - solovokal på nr. 6, gitar på nr. 7 John Renbourn - gitar på nr. 7 og nr. 10.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «It Don't Bother Me (album)» frå , den 5. februar 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Bert Jansch-album Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Transatlantic Records-album Kategori:Album produserte av Nathan Joseph Kategori:Album produserte av Bill Leader