Costa Rica er ein republikk i Mellom-Amerika. Landet grensar til Nicaragua i nord og Panama i sør. Landet har kystline mot Atlanterhavet i aust og Stillehavet i vest. Hovudstaden er San José, som ligg midt i landet. Costa Rica har i overkant av 4,5 millionar innbyggjarar (2011), og eit areal på 51 100 km².
Spania tok kontroll over området på 1600-talet som den sørlegaste provinsen i Ny-Spania. Etter å ha vore ein del av det meksikanske riket i kort tid var Costa Rica ein stat i Den sentralamerikanske føderasjonen i perioden 1823 til 1839. Frå 1840-talet var Costa Rica ein uavhengig stat.
Sidan 1800-talet har det berre vore to periodar med ustabilitet i landet. Den fyrste var i 1917 til 1919, då Federico Tinoco herska som diktator. Den andre var i 1948, då ein 44-dagars borgarkrig braut ut som fylgje av eit omstridt presidentval. Hæren blei oppløyst i 1949. Costa Rica er eit av dei få demokratiske landa i verda utan militærvesen. Landet har i dag eit stabilt demokrati, og er det eldste demokratiet i Latin-Amerika.
Costa Rica har eit svært rikt biologisk mangfald, og rundt ein fjerdedel av arealet i landet er verna område, noko som er ein større del enn i noko anna land i verda. I 2007 offentleggjorde regjeringa planar om å bli det første karbonnøytrale landet i verda innan 2021. Det har alltid vore blant dei latinamerikanske landa med høgast HDI, og var i 2012 rangert som nummer 62 i verda. New Economics Foundation rangerte Costa Rica først i verda på sin Happy Planet Index i 2009 og 2012, og som det grønaste landet i verda i 2009. Det har blitt eit populært turistmål, og turistnæringa er ei av dei viktigaste inntektskjeldene i landet. Dei viktigaste eksportvarene er kaffi og bananar, følgd av kakao, sukker, storfekjøt og ananas.
mini|venstre|Kart over Costa Rica
Geografi
Naturtilhøve og geologi høgre|mini|Catham-stranda på Kokosøya. høgre|mini|Den aktive vulkanen Arenal Costa Rica har fleire fjellkjeder, mange høge fjell og 112 vulkanar, 10 av dei aktive. Det høgaste punktet i landet er fjellet Cerro Chirripó (3819 meter over havet), og den høgaste vulkanen er Irazú (3432 moh.). Dei fleste vulkanane finst i den nordlege og sentrale delen av landet. Costa Rica er utsett for vulkanutbrot og jordskjelv. Mellom fjellkjedene ligg det store høgfjellplatået Meseta Central, som ligg 1000–1500 meter over havet. Jorda i området består av fruktbar vulkansk oske. Der bur halvparten av folkesetnaden, og der ligg det fleire store byar, som San José, Cartago og Alajuela.
Langs den karibiske kysten veks det tett skog. I denne delen av landet er det eit rikt dyreliv, og i likskap med låglandet ved Stillehavet finst det mangroveskogar og kvite sandstrender. Den største innsjøen er Arenalsjøen, som ligg ved vulkanen Arenal. Costa Rica har fleire øyar; den største er Calero, som har eit areal på 151,6 km². Det finst òg fleire elver, blant anna Pacuare og Reventazón.
Dei største miljøproblema i Costa Rica er jorderosjon og luftforureining.
Klima
Klimaet er tropisk og subtropisk i høglandet. Regntida varer frå mai til oktober, og kan forårsaka flaum i låglandet. Tørketida varer frå september til oktober i låglandet, og frå desember til april andre stadar. Klimaet er påverka av nordaustpassaten, og gjer at låglandet ved kysten til Det karibiske havet får meir nedbør enn låglandet ved Stillehavet. Den årlege nedbørsmengda varierer frå stad til stad. Byen Limón, ved kysten til Det karibiske havet, har ei årleg nedbørsmengd på omtrent 3100 mm. Langs stillehavskysten regner det 1000–2000 mm i året, og i San José er nedbørsmengda omtrent 1900 mm kvart år.
Gjennomsnittstemperaturen er omtrent 27 °C i låglandet, og det er svært små variasjonar mellom regntida og tørketida. I høglandet er det kaldare, og i San José (1150 meter over havet) er gjennomsnittstemperaturen omtrent 20 °C. Det blir 4–7 °C kaldare per 1000 meter høgare ein kjem, og nedbøren minskar òg.
Costa Rica er fullt av mikroklima, eller lokale klimavariasjonar. Kombinasjonen av ujamne kystliner, store havområde på kvar side av landet og ein svært variert topografi fører til mange forskjellige lokale vind- og regnmønster, som er nesten umoglege å oppsummere. Temperaturen litt opp i høgda, som i San José, er behageleg, men med litt kjølige netter om vinteren. Dei lågareliggande områda er varmare og med høgare luftfukt. Temperaturane er som regel høgare på vestsida av landet enn på austsida, og kjem seinare over 35 °C på våren i området som Guanacaste og Puntarenas. Andre område, som Generaldalen, er tørrare enn andre, sjølv om «tørr» er et relativ omgrep i dette ganske så våte landet. Regnbyene kjem ofte mellom mai og tidleg november. Canicula er derimot ein periode på nokre veker ei gong i juli og august, då det kjem lite nedbør. I fjellsidene mot Stillehavet og på kysten av Karibia, gjev regnet seg i september og oktober, før det aukar på igjen i januar eller seinare. Nesten alle månadane får ein del nedbør nær Karibia, men mykje av det kjem om natta. Det er tørt nesten alle andre stader frå februar til april med meir sol enn om sumaren.
mini|Kolibri frå Costa Rica.
Plante- og dyreliv høgre|mini|Regnskogen i Braulio Carrillo nasjonalpark høgre|mini|Raudauga lauvfrosk (Agalychnis callidryas) Costa Rica er heim til eit stort mangfald av planter og dyr. Sjølv om landet berre dekkjer omtrent 0,1 % av den totale landmassen i verda, huser det 5 % av dyr og plantar i verda. Omtrent 25 % av arealet i landet er nasjonalparkar og verna område. Costa Rica er det landet i verda der størst prosentdel av arealet er verna område.
Fleire stadar heilt ut mot kysten veks det mangroveskog, særleg langs nordkysten. Ved låglandet i nord finst det òg tropisk regnskog. Ved stillehavskysten er det ein meir tørkeprega vegetasjon. Der finst det lauvvfellande skog og skogsavanner austom Nicoyahalvøya. På høglandet veks det gran og furu, men når ein kjem over 2500 meter over havet går vegetasjonen over i grassletter. Fleire stadar i landet finst det våtmarker, og i havet finst det korallrev. I tillegg finst det over 1000 orkidéarter og 800 bregnar.
Dyrelivet omfattar 50 000 ulike arter insekt, 850 fuglearter, omtrent 200 krypdyrartar og 208 andre ulike dyreartar. Faunaen er ei blanding av nordamerikanske og søramerikanske artar. Dei nordlege artane er blant anna ekornartar, kvithalehjort, spissmus, bomullshalekanin og prærieulv. Beltedyr, dovendyr, primatar og maurslukarar er døme frå den sørlege faunaen. Blant dei vanlegaste fugleartene er papegøyar, kolibriar og kardinalar. På lista over registrerte amfibium i Costa Rica er det 194 arter, tre av dei utdøydde.
Historie
Førkolumbisk tid og europeisk oppdaging venstre|mini|Ei førkolumbisk røykjelsebrennar, frå perioden 500–1359 e.Kr. Før landet blei oppdaga av europearane var den nordlege delen av landet folkesett av mayaer. Dei sentrale og sørlege delane av landet var folkesett av chibchaer.
Christofer Columbus og hans ekspedisjon var dei første europearane som vitja landet i 1502. Columbus gav det namnet Costa del Oro, som tyder 'Gullkysten'. Seinare blei det vanleg å kalla landet Costa Rica, som tyder 'Den rike kysten'.
Kolonisering og avkolonisering I byrjinga var den spanske interessa for landet ganske liten og det tok litt tid før landet blei kolonisert. I 1564 grunnla spanjolane Cartago, som blei den første hovudstaden i landet. Spania tok kontroll over området på 1600-talet, og gjorde det til den sørlegaste provinsen i Ny-Spania. Det meste av folkesetnaden var småbønder som dyrka jord til eige bruk, og ikkje godseigarar slik som i nabolanda.
Landet blei sjølvstendig frå Spania i 1821. Etter å ha vore ein del av Det meksikanske imperiet i kort tid, blei Costa Rica ein stat i Den mellomamerikanske føderasjonen i perioden 1823 til 1839. Nordamerikanaren William Walker erobra Nicaragua, og han prøvde å ta over heile Mellom-Amerika på midten 1800-talet. Den costaricansske presidenten Juan Rafael Mora sende ut ein hær som klarte å nedkjempa han.
Kaffi og bananar høgre|mini|Kaffiplantasje i Orosi-dalen På midten av 1800-talet blei kaffi den viktigaste produksjonsvara, og frå 1870 til 1882 opplevde landet ein oppgangsperiode under general Tomás Guardia. I 1886 blei det innført obligatoriske skulegang og det blei bygd fleire skikkelege skular. I åra 1888–1889 var det forsøk på å danna ein ny union av mellomamerikanske statar, men forsøket mislukkast.
Jarnbaneingeniøren Henry Meiggs inngjekk ei avtale med styresmaktene i Costa Rica om å byggja ei jarnbanelinje frå stillehavskysten til den karibiske kysten via hovudstaden. Minor Keith tok over arbeidet etter at Meiggs døydde i 1877. Arbeidarane blei stort sett henta frå Jamaica. Etter at jarnbana var ferdigbygd blei mange av arbeidarane tilsett ved Minor Keith sine bananplantasjar. Plantasjane låg langs jarnbanelinja i det tropiske låglandet ved Det karibiske havet. Desse plantasjane var byrjinga på United Fruit Company, og Costa Rica bli snart den største bananleverandøren i verda. I 1913 stod kaffi og bananar for omtrent 85 % av eksportinntektene til landet.
Samfunnsutvikling Costa Rica utvikla seg til å bli eit dynamisk samfunn, og sidan 1889 har landet vore demokratisk styrt. Sidan 1800-talet har det berre vore to periodar med ustabilitet i landet. Den første vara frå 1917 til, då Federico Tinoco herska som diktator, og den andre var i 1948, då det braut ut ein 44 dagar lag borgarkrig som følgje av eit omstridt presidentval.
Det blei innført røysterett for menn i 1913, men slavane på bananplantasjane fekk ikkje røysterett. Landet prioriterte helse og utdanning framfor militæret, og Costa Rica hadde på denne tid ein av dei mest utvikla fagorganiseringene i heile Amerika. I 1921 blei det innført 8-timars arbeidsdag.
Den økonomiske krisa på 1930-talet fekk katastrofale følgjer for kaffieksporten. Samstundes blei bananplantasjane øydelagde av banansjukdomar, og det var mykje uro rundt fagforeiningane. Kommunistpartiet, som blei oppretta i 1929, og sosialistpartiet støtta fagforeiningane, men president León Cortes Castro motarbeidde dei. Hæren blei oppløyst i 1949, og Costa Rica er framleis eit av dei få demokratiske landa i verda utan forsvar. I 1949 blei det innført røysterett for kvinner.
I 1986 blei Óscar Arias Sánchez vald til president. Landa i Mellom-Amerika var på denne tida truga av borgarkrig og økonomisk krise, og han bidrog til å roa ned situasjonen. Han vann Nobels fredspris i 1987.
I 1989 offentleggjorde ein parlamentarisk undersøkingskommisjon ein rapport om narkotikahandelen i landet. Der stod det at dei to største politiske partia, PLN og PUSC, hadde motteke pengar frå narkotikahandel for å finansiera valkampane sina i 1986.
Rafael Angel Calderón blei vald til president i 1990. Han appellerte til dei fattige og dårleg utdanna med lovnader om forandring. Calderón innførte eit hardhendt økonomisk program som blant anna reduserte underskotet i statsbudsjettet. Arbeidsløysa steig som følgje av dette, og det same gjorde misnøya blant folkesetnaden.
I juli 1996 blei landet ramma av ein orkan. Skadane blei rekna til rundt 100 millionar dollar, og 30 menneske døydde.
I 2001 blei det oppført ein mur langs grensa til Nicaragua, og dette førte til ei krise mellom dei to landa. Styresmaktene i Nicaragua meinte at føremålet med muren var å avgrensa den ulovlege innvandringa til Costa Rica, medan costaricanarane meinte at muren var eit ledd i utvida tollreglar.