MGP Nordic 2009 var den femte og førebels siste utgåva av MGP Nordic, ei nordisk, tv-sendt songtevling for barn mellom 8 og 15 år. Tevlinga blei arrangert i TV-huset i Stockholm i Sverige laurdag 28. november 2009. Danmark, Finland, Noreg og Sverige deltok med to songar kvar, og vinnaren blei svenske Ulrik Munther med «En vanlig dag». Dette var den fyrste sigeren til Sverige i tevlinga.
Bakgrunn Det var femte og førebels siste gongen MGP Nordic blei arrangert, og andre gongen tevlinga blei halden i Sverige. Programleiar var Ola Lindholm, mens Marthe Sveberg Bjørstad kommenterte sendinga for norske sjåarar.
Kvart av dei deltakande landa heldt ein nasjonal finale i forvegen. NRK arrangerte MGPjr 2009 i september, der Jørgen Dahl Moe vann med «Din egen vei». Andreplassen Mystery fekk også delta i MGP Nordic, siden kvart land stilte med to songar.
Sendinga Dei åtte artistane framførte låtane sine før sjåarane i kvart land kunne røyste på songane via telefon. Det var ikkje mogleg å røyste på songane frå eige land. Det beste bidraget frå kvart land gjekk deretter vidare til ein superfinale der dei fire songane blei framførte på nytt. Finske Amanda Sjöholm, danske PelleB, norske Jørgen Dahl Moe og svenske Ulrik Munther gjekk vidare til superfinalen.
I avrøystinga vann Ulrik Munther ein klår siger med toppoeng frå dei tre andre landa. Dette var fyrste gongen Sverige vann MGP Nordic. Danmark blei nummer to, mens Finland og Norge enda på delt tredjeplass.
Resultat Fyrste runde Startnr. Land Artist Song Språk ResultatFørste sejr til Sverige: Ulrik vandt MGP Nordic 2009 – melodigrandprix.net1 Mystery «Rock e sunt» Norsk Ute2 Amanda Sjöholm «Jag vill leva» Svensk Superfinale3 PelleB «Kun min» Dansk Superfinale4 Jørgen Dahl Moe «Din egen vei» Norsk Superfinale5 The Black White Boys «Kommer du ihåg mig?» Svensk Ute6 Ulrik Munther «En vanlig dag» Svensk Superfinale7 Engledrys «Familien – min bedste ven» Dansk Ute8 Rebecca Jansson «Skaffa en annan tjej» Svensk Ute Superfinale Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng1 Amanda Sjöholm «Jag vill leva» Svensk3202 PelleB «Kun min» Dansk2283 Jørgen Dahl Moe «Din egen vei» Norsk3204 Ulrik Munther «En vanlig dag» Svensk136
Avrøysting Resultatet blei avgjort av telefonrøyster, og det var ikkje mogleg å røyste på songane frå sitt eige land. Kvart land gav 12 poeng til den songen som fekk flest telefonrøyster, 8 poeng til andreplassen og 6 poeng til songen med færrast telefonrøyster. Svenske Ulrik var favoritten i alle land. Nr. Deltakar Poeng Totalt2 Amanda Sjöholm 668203 PelleB8 812284 Jørgen Dahl Moe68 6206 Ulrik Munther121212–36
Siste MGP Nordic Dette var førebels siste gongen den nordiske tevlinga blei arrangert. MGP Nordic 2010 skulle eigentleg bli arrangert i Noreg, men finalen blei avlyst nokre månadar i forvegen og har ikkje blitt arrangert sidan. Årsaka var at Danmark ønskte å satse på sin nasjonale finale, mens SVT la sin nasjonale finale, Lilla Melodifestivalen, på is fram til 2012.
Sjå også Junior Eurovision Song Contest 2009
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «MGP Nordic 2009» frå , den 1. januar 2024.
Bakgrunnstoff NRK si side om MGP Nordic SVT si side om MGP Nordic YLE si side om MGP Nordic DR si side om MGP Nordic
Kategori:Melodi Grand Prix Junior Nordic etter år Kategori:Musikk i 2009 Kategori:Musikktevlingar i 2009