Årdal kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1828 i Bygland kommune i Agder fylke. Kyrkja står mellom riksveg 9 og Byglandsfjorden i tettstaden Grendi. Ho er knytt til Den norske kyrkja i Otredal prosti. mini|venstre|Kyrkja i 2011, til høgre bautasteinen til minne om eidsvollsmannen Even Torkildsson Lande. Byggverket er i tre og har 200 plassar. Kyrkja vart oppført etter same planteikningar som Hornnes kyrkje. Preikestolen er plassert over altaret (preikestolsaltar) i tråd med rasjonalismens ideal der kyrkjerommet skulle vere ein foredragssal med preikestolen i sentrum.
Rundt kyrkja er det ein liten kyrkjegard som har blitt utvida til austsida av riksveg 9. På kyrkjegarden er det eit monument over eidsvollsmannen Even Torkildsson Lande. Der er òg eit monument over folkeminnegranskaren Johannes Skar. På 1200-tallet vart det sett opp ein runestein med tekst som er tyda til «Gud signe ondo», dette er eldste spor av kyrkjeleg aktivitet på staden.
Tidlegare kyrkjer I mellomalderen sto det truleg ei stavkyrkje på staden, og denne var truleg oppført før år 1300. Kyrkja i Årdal er nemnt første gong i 1327. Det vart reist ny kyrkje i 1604, og allereie i 1662 var det trong om omfattande reparasjonar. Kyrkja vart seld til bøndene i 1723. I 1812 vart den av biskopen skildra som i god stand. Det var truleg sterk folkevekst som gjorde at kyrkjelyden ville ha ny kyrkje: I 1625 var det berre åtte bønder og seks husmenn i soknet, i 1812 hadde dette auka til 39 gardar med i alt 267 personar.
Litteratur
Kjelder
Bakgrunnsstoff Setesdalswiki om kyrkja Lokalhistoriewiki om kyrkja
Kategori:Kyrkjer i Bygland Kategori:Kyrkjer i Otredal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1828 Kategori:Kulturminne i Bygland Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg