Signe Toly Anderson () var ein amerikansk songar som var med på å starte det amerikanske rockebandet Jefferson Airplane.
Anderson var fødd i Seattle og voks opp i Portland i Oregon. Ho flytta til San Francisco i 1965, der ho vart ein respektert jazz- og folk-songar. Anderson vart oppdaga av Marty Balin då ho song på klubben «Drinking Gourd club». Han tilbaud henne rolla som songar i det nystarta bandet Jefferson Airplane.
I september 1965 gifta ho seg med lysteknikaren til bandet, Jerry Anderson, som også var med i Merry Pranksters. Dei fekk ei dotter i mai 1966. I august same året kunngjorde ho at ho hadde tenkt å slutte i bandet, noko ho gjorde i oktober same året. Ekteskapet blei oppløyst i 1974.
Anderson døydde heime i Beaverton i Oregon i januar 2016. Ho døydde same dagen som ein annan grunnleggjar av Airplane, Paul Kantner.
Diskografi Jefferson Airplane Takes Off (1966)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Signe Toly Anderson» frå , den 9. februar 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Jefferson Airplane-medlemmar Kategori:Folk frå Seattle Kategori:Norsk-amerikanarar