Solbergfoss kraftverk er eit vasskraftverk i elva Glomma i Indre Østfold kommune i Østfold fylke. Det er eit elvekraftverk og det er laga ei demning over elva som saman med fossen utgjer eit fall på 14 meter. Gjennomsnittleg årsvassføring i Glomma ved anlegget er 689 m³/sekund.

Anlegget består av to kraftstasjonar: Solbergfoss I blei sett i produksjon i 1924 med seks francisturbinar. Det er seinare installert ytterlegare sju turbinar av same slag. Total kapasitet er 108 MW. Kraftstasjonen ligg i dagen og er teikna av Bredo Greve. Solbergfoss II starta produksjonen i 1985 og er utstyrt med ein kaplanturbin på 100 MW. Stasjonen er sprengt ned i fjellet.

Snitt årsproduksjon er 900 GWh.

Kraftverket er ått av E-Co Energi 64,4 % og Statkraft med 35,6 %.

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Solbergfoss kraftverk» frå , den 10. februar 2011. oppgav desse kjeldene: E-Co Energi NVE Statkraft

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kraftverk i Indre Østfold Kategori:Glommavassdraget Kategori:Kraftverk skipa i 1924 Kategori:Kraftverk skipa i 1985 Kategori:Kulturminne i Indre Østfold Kategori:1924 i Noreg Kategori:1985 i Noreg