Even Rejerson () var ein norsk lærar og stortingsmann frå Laudal i Vest-Agder.
Rejerson var son til ein bonde på garden Fidje i Laudal. Han gjekk ut frå Holt seminar i 1846 og var dei neste seks åra lærar i Holum. 1852/53 underviste han ved døveinstituttet i Kristiansand og var så lærar i Mandal 1854-56. Den lange perioden frå 1856 til 1888 var han lærar og kyrkjesongar i Holum. Etter han fram til 1876 hadde budd på skulegarden i bygda, busette han seg sin eigen gard, Kaddeland. Frå 1887 vart han statsrevisor.
Han var medlem av heradsstyret i Holum frå 1866 til -89. Fire av åra var han ordførar i heradet, 18 år varaordførar. Dessutan forlikskommissær med mange kommunale verv.
Rejerson representerte Lister og Mandals amt på Stortinget i seks samanhengande valbolkar, 1871-1888. Heile tida var han medlem av protokollkomiteen, sekretær i komiteen frå 1880. Han vart medlem av Venstre si partiforeining då denne vart skipa i 1884.
Han døydde i Kristiania i 1890.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Holum Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Marnardal