Danmark debuterte i Eurovision Song Contest i 1957 som det fyrste nordiske landet. Danmark vart òg det fyrste nordiske vinnarlandet då Grethe og Jørgen Ingmann vann med «Dansevise» i 1963. I åra 1967 til 1977 heldt Danmark seg borte frå Eurovision Song Contest, og landet måtte stå over tevlinga i 1994, 1996, 1998 og 2003 på grunn av dårlege plasseringar åra før. Like fullt er Danmark eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest med tre sigrar, ein andreplass og tre tredjeplassar. Danmark har kommet på sisteplass éin gong, i Eurovision Song Contest 2002. Sidan innføringa av semifinalar i 2004 har Danmark kvalifisert seg til finalen ved 12 av 20 anledningar.

Historikk Det er Danmarks Radio (DR) som har senderettane til Eurovision Song Contest i Danmark. Allereie i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956 hadde Danmark planar om å delta, men DR rakk ikke påmeldingsfristen. Det samme skjedde med Austerrike og Storbritannia, og berre sju land deltok i den fyrste utgåva av tevlinga. miniatyr|Birthe Wilke og Gustav Winckler avslutta framføringa med eit langt kyss i 1957. Debuten til Danmark kom dimed i 1957, som det fyrste av dei nordiske landet. Birthe Wilke og Gustav Winckler song Danmark inn til en tredjeplass med «Skibet skal sejle i nat». Duoen avslutta framføringa med eit langt og inderleg kyss som har blitt eit minneverdig augeblikk i tevlingas historie.

Fyrste nordiske siger Danmark hadde ein god start med topp ti-plasseringar kvart einaste år fram til 1966. I 1963 kom landets, og Nordens, fyrste siger med «Dansevise» av Grethe og Jørgen Ingmann. Men sigeren fekk ein trong fødsel. Den norske juryen var nemleg ikkje klar med poenga sine då Noreg vart kalt opp under avrøystinga. I kaoset las difor Roald Øyen opp feil poeng og måtte be programleiaren om å få komme tilbake seinare i avrøystinga. På slutten av avrøystinga leia Sveits, med Danmark på andreplass. Då dei korrekte norske poenga ble lesne opp, bytta Sveits og Danmark plass, slik at Danmark vann tevlinga to poeng foran Sveits.

Den norske juryen vart seinare skulda for å ha hjelpt eit naboland til siger, og Sveits protesterte mot resultatet. Men NRK avviste skuldingane og understreka at den norske juryen hadde gitt riktige poeng. Årsaka til kaoset var at det norske telleapparatet rett og slett ikkje var ferdige med å telle opp røystene då Noreg vart kalla opp. Ikkje berre var røystene feil, men ein stressa Øyen las også opp poenga på feil måte. Då Noreg vart kalla opp igjen på slutten av avrøystinga, var resultata frå den norske juryen klare og korrekte. «Vi har god samvittighet med hensyn til resultatet. De 20 jurymedlemmenes stemmesedler ligger i fjernsynet til kontroll om nødvendig», bedyra Odd Grythe frå NRK.

Aukande misnøye Utover i 1960-åra vaks det fram ei aukande misnøye mot tevlinga i delar av det danske kultur- og musikklivet. Også i DR var skepsisen stor, og fleire gongar i 1960-åra vurderte kanalen å trekkje seg frå Eurovision Song Contest. I 1966 vart Danmark berre nummer 14 av 18 med «Stop – mens legen er go'». Ironisk nok vart denne songen også den siste danske deltakerlåten på elleve år. Den nye underhaldingssjefen i DR, Niels Jørgen Kaiser, meinte tevlinga ikkje heldt høg nok «kulturell verdi», og Danmark trekte seg frå tevlinga i 1967. Fyrst elleve år seinare, i 1978, kom Danmark tilbake igjen.

Ei liknande misnøye mot Eurovision Song Contest fantes også i Norge, og denne misnøya nådde sitt klimaks etter den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1969. Bråket som følgde, og den aukande misnøya mot tevlingas form, var truleg ein medverkande årsak til at NRK trekte seg frå Eurovision Song Contest i 1970. Men Noreg var likevel tilbake igjen i 1971.

Oppturar og nedturar miniatyr|Emmelie de Forest er ein av tre danske Eurovision-vinnarar. I 1980-åra vart Danmark igjen eit av de beste landa i tevlinga, med fire topp fem-plasseringar i perioden 1984 til 1989. I 1990-åra vart resultata dårlegare, og Danmark måtte stå over i 1994 etter ein dårleg plassering året før. I 1996 vart landet slått ut i førehandskvalifiseringa til EBU, og i 1998 måtte Danmark stå over nok ein gong på grunn av dei dårlege plasseringane åra før.

I 1999 snudde resultata, og i 2000 vann Danmark sin fyrste siger på 37 år med Olsen Brothers og «Fly on the Wings of Love». På heimebane i 2001 fekk Danmark ein sterk andreplass, men året etter kom Danmark på sisteplass for fyrste gang. Dimed måtte Danmark stå over tevlinga igjen i 2003.

I 2010 gjekk Danmark inn i ein ny sterk periode og fekk sin tredje siger i 2013 med Emmelie de Forest og «Only Teardrops», og ein ny topp 10-plassering følgde på heimebane i 2014.

Fallet frå 2015 Frå 2015 gjekk Danmark inn i ein langt svakare periode, med berre fire finaledeltakingar.

I 2015 vart Danmark slegne ut i semifinalen for fyrste gang på åtte år, og det same skjedde i året etter. I 2017 klarte Danmark så vidt å kvalifisere seg til finalen for fyrste gang på tre år, men enda som nummer 20 av 26 i finalen. I 2018 snudde resultata igjen, då Rasmussen vart nummer 9 i finalen – det beste resultatet til Danmark på fire år.

I fire år på rad, i perioden 2021–2024, vart Danmark slegne ut i semifinalen, som det einaste av dei fem nordiske landa. Nedturen blei i Danmark omtala som ein av «de største nedtursperioder i dansk grandprix-historie i Eurovision», og ei «historisk nedsmeltning». Dei dårlege resultata blei møtt med stor kritikk, der fleire danske musikarar og ekspertar meinte DR hadde feil innstilling til konkurransen. Mens DR meinte Dansk Melodi Grand Prix var til for å velje Danmarks eigen song, meinte Eurovision-ekspertane at konkurransen burde fokusere på å velje bidrag som kan gjere det bra i ein internasjonal marknad. Også det nye kommentatorteamet til DR fekk i 2022 kritikk frå fans og sjåarar for å vere «dårlig forberedt og kunnskapsløse» om konkurransen.

Bidraga ÅrArtistTittelFinaleSemifinale Plass Poeng Plass Poeng 1957 Birthe Wilke og Gustav Winckler «Skibet skal sejle i nat»310 rowspan="26" colspan="2" data-sort-value="99999" 1958 Raquel Rastenni «Jeg rev et blad ud af min dagbog»83 1959 Birthe Wilke «Uh, jeg ville ønske jeg var dig»512 1960 Katy Bødtger «Det var en yndig tid»104 1961 Dario Campeotto «Angelique»512 1962Ellen Winther «Vuggevise»10 2 1963 Grethe og Jørgen Ingmann «Dansevise»142 1964 Bjørn Tidmand «Sangen om dig»9 4 1965 Birgit Brüel «For din skyld»7 10 1966 Ulla Pia «Stop – mens legen er go'»144 colspan="5" data-sort-value="zzzzz" 1978 Mabel «Boom Boom»1613 1979 Tommy Seebach «Disco tango»676 1980 Bamses Venner «Tænker altid på dig»14 25 1981 Tommy Seebach og Debbie Cameron «Krøller eller ej»1141 1982 Brixx «Video, video»175 1983 Gry Johansen «Kloden drejer»1716 1984 Hot Eyes «Det' lige det»4101 1985 Hot Eyes «Sku' du spørg' fra no'en?»11 41 1986 Lise Haavik «Du er fuld af løgn»677 1987 Anne-Cathrine Herdorf og Bandjo «En lille melodi»583 1988 Hot Eyes «Ka' du se hva' jeg sa'?»3 92 1989 Birthe Kjær «Vi maler byen rød»3111 1990Lonnie Devantier «Hallo hallo»864 1991 Anders Frandsen «Lige der hvor hjertet slår»198 1992 Lotte Nilsson og Kenny Lübcke «Alt det som ingen ser»1247 1993 Tommy Seebach Band «Under stjernerne på himlen»229 colspan="2" data-sort-value="-9999" colspan="4" rowspan="2" colspan="2" data-sort-value="99999" 1995 Aud Wilken «Fra Mols til Skagen»592 1996 Martin Loft og Dorte Andersen «Kun med dig» colspan="2" 2522 1997 Kølig Kaj «Stemmen i mit liv»1625 rowspan="7" colspan="2" data-sort-value="99999" colspan="4" 1999 Michael Teschl og Trine Jepsen «This Time I Mean It»871 2000 Olsen Brothers «Fly on the Wings of Love»1195 2001 Rollo & King «Never Ever Let You Go»2177 2002 Malene Mortensen «Tell Me Who You Are»247 colspan="4" 2004 Tomas Thordarson «Shame on You» colspan="2" 1356 2005 Jakob Sveistrup «Talking to You»91253185 2006 Sidsel Ben Semmane «Twist of Love»1826 colspan="2" data-sort-value="-9999" 2007 DQ «Drama Queen» colspan="2" 1945 2008 Simon Mathew «All Night Long»15603112 2009 Niels Brinck «Believe Again»1374869 2010 Chanée og N'evergreen «In a Moment Like This»41495101 2011 A Friend in London «New Tomorrow»51342135 2012 Soluna Samay «Should've Known Better»2321963 2013 Emmelie de Forest «Only Teardrops»12811167 2014 Basim «Cliché Love Song»9 74 colspan="2" data-sort-value="-9999" 2015 Anti Social Media «The Way You Are» rowspan="2" colspan="2" 1333 2016 Lighthouse X «Soldiers of Love»1734 2017 Anja Nissen «Where I Am»207710101 2018Rasmussen«Higher Ground»92265204 2019Leonora«Love Is Forever»121201094 Ben & Tan «Yes» colspan="4" 2021Fyr & Flamme«Øve os på hinanden» rowspan="4" colspan="2" 1189 2022REDDI«The Show»1355 2023Reiley«Breaking My Heart»146 2024Saba«Sand»1236 2025Sissal«Hallucination»2347861 2026«»

Røystehistorikk (1957-2021)

+ Danmark har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 361 02 193 03 181 04 153 05 136

+ Danmark har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 221 02 214 03 198 04 142 05 135

Galleri

Eurovision Song Contest i Danmark

ÅrStadArenaProgramleiar(ar)1964 København Tivolis Koncertsal Lotte Wæver2001 København Parken Stadion Natasja Crone og Søren Pilmark2014 København B&W Hallerne Lise Rønne, Nikolaj Koppel og Pilou AsbækCongratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest ÅrStadArenaProgramleiarar2005 København Forum København Katrina Leskanich og Renārs Kaupers

Sjå òg Danmark i Junior Eurovision Song Contest Dansk Melodi Grand Prix

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Danmark i Eurovision Song Contest» frå , den 15. april 2022.

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Danmark i Eurovision Song Contest

Kategori:Danmark i Eurovision Song Contest Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Musikktevlingar Kategori:Dansk musikk