Setesdal vidaregåande skule ligg i Agder fylke. Skulen er ei samanslåing av dei tre tidlegare skulane Hovden-, Hornnes- og Valle vidaregåande skule, og har i dag avdelingar på Hovden, i Valle og i Hornnes. Avstanden mellom avdelingane i Hornnes i sør og Hovden i nord er om lag 15 mil. Dette gjer skulen til den lengste i Noreg.

Historie Utdanningsinstitusjonen i Hornnes starta opp i 1918 som landsgymnas. I 1925 flytta skulen inn i eit nytt skulebygg. I 1975 bytta skulen namn til Hornnes gymnas, og vidare til Hornnes vidaregåande skule i 1995.

Den vidaregåande skulen i Valle starta med ei linje for husstell i 1972 i kjellaren på Valle skule og internatet opna i 1976. I 1982 vart skulen sjølvstendig då han flytta inn i nye lokale. Det har vore fleire ymse linjer på skulen, derimellom husstell, vev, snikkar, kokk og servitør, helse og sosial, dans og drama. I dag tilbyr skulen berre linjer innan faga gull og sylv, som starta opp i 1995.

Avdeling Hovden starta med det som heitte VKII - reiselivsaktivitetar. Dette var ei klasse på 15 elevar som administrativt låg under Valle vidaregåande skule. Hausten 1990 vart Hovden skigymnas etablert. Då kom også ein eigen allmennfagleg 1. klasse, der 20 av 30 elevar var ski-elevar. Skuleåret 1992/93 var skulen fullt utbygd og skulen utgjorde då til saman 4 klasser og totalt 105 elevar.

Skulane i Hornnes, Valle og Hovden vart i 2006 slegne saman til Setesdal vidaregåande skule.

Linjer ved skulen Avdeling Hornnes Vg 1 studiespesialiserande Vg 2 studiespesialiserande realfag Vg 2 studiespesialiserande språk, samfunnsfag og økonomi Vg 3 studiespesialiserande realfag Vg 3 studiespesialiserande språk, samfunnsfag og økonomi Vg 3 påbygging Vg 1 helse- og sosialfag Vg 2 helsearbeiderfaget Vg 1 bygg- og anleggsteknikk Vg 2 byggteknikk Vg 1 teknikk og industriell produksjonAvdeling Hovden Vg 1 studiespesialiserande Vg 2 studiespesialiserande realfag Vg 2 studiespesialiserande språk, samfunnsfag og økonomi Vg 3 studiespesialiserande realfag Vg 3 studiespesialiserande språk, samfunnsfag og økonomi Vg 1 service og samferdsel Vg 2 reiseliv

Avdeling Valle Vg 2 gull- og sylvarbeid Vg 3 gullarbeid Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bykle kommune Kategori:Evje og Hornnes kommune Kategori:Valle kommune Kategori:Vidaregåande skular i Agder Kategori:Skipingar i 2006