«Sheep» er ein song av det engelske rockebandet Pink Floyd, gjeve ut på albumet Animals i 1977. Songen hadde opphav attende til 1974 under tittelen «Raving and Drooling». Han vart skriven av bassisten Roger Waters.
Historie Under turneen deira i 1974 framførte Pink Floyd tre nye songar i første halvdelen av konsertane, etterfølgd av heile The Dark Side of the Moon. Desse tre nye songane var «You've Got to Be Crazy» (som seinare vart «Dogs»), «Shine On You Crazy Diamond» og «Raving and Drooling» (som seinare vart «Sheep»).
Under framføringane av «Raving and Drooling», vart innspelingar av ein DJ frå BBC Radio kalla Jimmy Young spelt etter at opptaket vart kutta opp og spreidd rundt tilfeldig. Dette var Roger Waters sin idé om ein mann som var «raving and drooling» (eller var galen). Teksten var på dette tidspunktet ganske forskjellig frå det som vart «Sheep».
«Raving and Drooling» var opphavleg ein meir jam-basert song. Grunnmotivet var alt på plass - der ein lang note frå vokalisten (Waters) vart krysstona inn i den same noten på ein synthesizer. Waters hadde enno ikkje skrive seksjonane som repeterer F♯7 og A7 (som «You better watch out! There may be dogs about» og så vidare), så desse partia, som heilt tydeleg var ein del av songstrukturen, vart framførte instrumentalt.
Både «You've Got to Be Crazy» og «Raving and Drooling» var opphavleg planlgt for albumet dei skulle spele inn etter turneen (Wish You Were Here), men planane vart endra og dei enda begge opp i anna form på Animals. I november 2011 vart begge versjonane av spora spelte frå Wembley offisielt gjevne ut som ein del av Experience- og Immersion-versjonane av albumet Wish You Were Here.
På konsertversjonane i 1977 spelte andregitaristen Snowy White bassgitar sidan Waters spelte elektrisk gitar i lag med David Gilmour. Framføringa var nesten heilt lik albumversjonen, bortsett frå at han hadde ein meir langsam avslutning med ein orgelsolo av Richard Wright.
Innspeling Songen vart spelt inn i april, mai og juni 1976 i bandet sitt Britannia Row Studios i Islington i London.
Medverkande Roger Waters – solovokal, rytmegitar, lydband- og elektroniske effektar, vocoder David Gilmour – sologitar, bassgitar, ekkovokal (frå «Dogs») Richard Wright – Fender Rhodes piano, EMS VCS 3, Minimoog, ARP String Synthesizer, Hammondorgel Nick Mason – trommer, lydbandeffektar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sheep (song)» frå , den 4. juli 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Britiske hardrocksongar Kategori:Protestsongar Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason