Fjellmyrløpar (Calidris falcinellus), tidlegare òg kalla breinebbsnipe, er ein liten vadefugl i snipefamilien, Scolopacidae. Han er ein trekkfugl utbreidd frå Fennoskandia i vest til austlege Sibir i aust i hekketida og trekkjer sørover for overvintring. I Noreg hekkar han i indre delar av Austlandet og Sør-Trøndelag og i Finnmark. Det er tidlegare òg registrert hekking i Nord-Trøndelag og sørlege Nordland.
Skildring Dette er ei lita snipe, 15 til 18 centimeter i lengd,Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7 litt mindre enn myrsnipe. Fjellmyrløpar er noko tregare i rørslene enn myrsnipe og har kortare bein og eit kraftig, rett nebb som er nedbøygd berre på den ytste spissen. Vaksne individ i hekkedrakt har markerte mønstre med mørkegrå og raudbrun overside og kvit underside. Brystet er kvitt med pilspissforma mørke flekker og han har augebrynstripe og to lyse striper lengre opp på hovudet.
I vinterdrakta er han lysgrå på oversida og kvit under, som ei myrsnipe i vinterdrakt, men med stripene på hovudet. Ryggen på ungfuglar liknar ryggen åt myrsnipe, men dei kvita sidene, buken og det brunstreka brystet kjenneteiknar fjellmyrløparen.
Lokkelyden er ein surrande fløytetone. Spellætet er eit surrande 'brre brre brre', eller samantrekt 'brrebrrebrre' som oftast kan høyrast om natta når dei flyg omkring over hekkeplassen.
Fjellmyrløpar er utbreidd på taigaen frå Skandinavia og austover i Sibir i hekketida. Han er ein utprega trekkfugl som overvintrar i Aust-Afrika, sørlege og søraustlege Asia og Australasia. Hekkefuglar i Skandinavia har trekkrute i søraustleg retning, dei trekkjer sjeldan over Vest-Europa. Under trekket flokkar han seg ofte med andre vadefuglar, og særskilt myrsniper.
Fjellmyrløpar hekkar på våte myrer i bjørkeregionen og i barskog. Paringsspelet innleier hekkinga, spelet inneheld spelflukt og song av hannen. Reiret er ei grope i marka, der hoa legg 3-4 egg. Begge foreldre rugar egga, og klekking skjer etter ca. tre veker.
Desse fuglane søkjer føde på gjørmete kyststriper og på våtmarker. Dei lokaliserer byttet med synet plukkar føda med nebbet. Insekt og mindre virvellause dyr dominerer dietten.
Arten delast oftast inn i to underartar: Calidris falcinellus falcinellus - nominatforma hekkar i nordre Skandinavia og i dei nordvestre delane av Russland. Har markerte kronestriper. Calidris falcinellus sibirica - hekkar frå Tajmyrhalvøya austover til Kolymaelva. Arten var tidlegare einaste medlemmen i den biologiske slekta Limicola.Med referanse til Gibson & Baker 2012, har 5 snipeartar blitt flytta frå sine eigne monotypiske slekter og inn i slekta Calidris. Oppdatering Clements-lista august 2013, ref til side 99
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Myrsnäppa» frå , den 21. februar 2011
Referansar
Bakgrunnsstoff
Videoar, bilete og lydopptak av fjellmyrløpar hos Internet Bird Collection
Kategori:Snipefamilien Kategori:Fuglar i den palearktiske regionen Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fuglar i den australske regionen Kategori:Fuglar i den orientalske regionen Kategori:Fuglar i Noreg