mini|Demonstrasjon i Kairo fredag 28. januar 2011. mini|Demonstrantar på Tahrir-plassen i Kairo fredag 4. februar. mini|Revolusjonsjubel i Alexandria den 15. februar. Den egyptiske revolusjonen var ein oppreist i Egypt frå januar 2011 mot styret til president Hosni Mubarak. Gjennom gatedemonstrasjonar, sivil ulydnad og streik i ei rekkje byar vart presidenten og fleire medlemmer av regjeringa hans tvinga til å gå av.

Demonstrasjonane blei utløyste av det vellukka opprøret i Tunisia. Trass eit generelt demonstrasjonsforbod blei det gjennom nettsamfunn og flygeblad mobilisert til masseprotestar den 25. januar, som offisielt var ein dag for å heidra politiet i landet. Dei tidlege protestane retta seg mot politivald, permanent unntakstilstand, feilslegne lover, arbeidsløyse, ønske om å auke minstelønna, bustadmangel, stigande matprisar, korrupsjon, mangel på ytringsfridom og dårleg levestandard. Etterkvart utvida dei krava til å omfatta avgangen til Mubarak og styret hans.

Opprørspoliti, sivilt politi og innleigde bøller brukte hjelpemiddel som tåregass, skytevåpen, køyretøy og dyr mot demonstrantane. Desse gjennomførte likevel okkupasjonar av Tahrir-plassen i Kairo og Sidi Gaber-plassen i Alexandria, i tillegg til demonstrasjonar ei rekkje andre stader. Etter fleire veker med folkeleg oppstand og streikar, og sterkt internasjonalt press mot regimet, kunngjorde den nyutnemnde visepresidenten Omar Suleiman at president Mubarak var gått av den 11. februar. I staden for Mubarak overtok eit militært råd leia av Mohamed Hussein Tantawi makta. 13. februar opplyste dei at den upopulære grunnlova var ute av kraft og oppløyste parlamentet, men at regjeringa Mubarak hadde utnemnd ville bli sitjande. 3. mars gjekk statsminister Ahmed Shafik likevel av til fordel for Essam Sharaf, ein tidlegare transportminister med større støtte frå opprørarane. 19. mars godkjende 77 % av veljarane ei grunnlovsendring som la avgrensingar på presidentembetet.

Fleire hundre døydde under oppstanden og fleire tusen blei skadde. Offisielle tal frå 22. februar oppgav talet på dokumenterte døydde som 384 og skadde som 6 467. Menneskerettsgrupper meiner talet er høgare, ei av dei har dokumentert 686. Fleire tusen blei arresterte under oppreisten, mange av dei torturerte.

Bakgrunn Mubarak sitt presidentskap mini|upright|Hosni Mubarak prega Egypt gjennom offentlege avbildingar, som her, og som nær eineveldig president. Luftvåpenoffiseren Hosni Mubarak blei president i Egypt i 1981, etter attentatet på den tidlegare militærdiktatoren Anwar Sadat. Regjeringstida hans på 30 år er den lengste for nokon egyptisk president. Mubarak og hans Nasjonale Demokratiske Parti (NDP) styrte i praksis Egypt som ein eittpartistat ved hjelp av ein vedvarande unntakstilstand, tryggingstenester og lover som passa dei. Før oppreisten hadde Mubarak ingen visepresident, men frå rundt 2000 hadde han meir og meir byrja førebu landet på at sonen Gamal skulle overta styret etter han.Aziz, Muhammad Abdul and Hussein, Youssef (2002) "The President, the Son, and the Military: Succession in Egypt" Arab Studies Journal 9/10: pp. 73–88; Bee, Jason (2008) "The Heir Apparency of Gamal Mubarak" Arab Studies Journal pp. 36–56

Regimet hans fekk militær støtte av USA på grunn av kampen hans mot islamistar og den rimeleg vennlegsinna politikken mot Israel. Samstundes syner dokument frå Wikileaks at USA også har støtta demokratirørsla i Egypt med fleire hundre millionar kroner i året.«Amerikansk millionstøtte til Mubarak-motstandere» Aftenposten 27. januar 2011, vitja 28. januar 2011 Som resultat av denne tosidige politikken har reaksjonane på Hosni Mubarak sitt udemokratiske styre vore splitta, og dei fleste tilfella av sosial uro i landet, når dei i det heile fann stad, fekk sjeldan merksemd i media, men den amerikanske støtta til demokratikreftene over tid har medverka til dei demonstrasjonane som kom i januar 2011.

Unntakstilstand Ved byrjinga hadde Egypt vore i unntakstilstand (Lov nr. 162 av 1958) sidan 1967,Law 1958/162 (Emergency Law) at EMERglobal Lex, ein del av Edinburgh Middle East Report. Vitja 2011-01-27. med eitt enkelt avbrot i 18 månader på 1980-talet. Under denne lova er politifullmakter utvida, grunnlovsfesta rettar suspenderte og sensur tillate.Egypt After 9/11: Perceptions of the United States 26. mars, 2004 Lova innskrenkar kraftig politisk aktivitet for andre enn regjeringa. Demonstrasjonar, ikkje-godkjente politiske organisasjonar og uregistrerte pengegåver er formelt forbodne. Rundt menneske vart ved utbrotet av oppreisten haldne fengsla under loven, og det finst estimat på at tal på politiske fangar var så høge som .

Under unntakstilstanden har regjeringa lov til å fengsle menneske på uavgrensa tid, praktisk tala utan grunn, og å halde dei fengsla utan rettssak i vilkårleg lange tidsperiodar. Regjeringa hevda mellom anna at islamistiske opposisjonsgrupper som Den muslimske brorskapen kan få makt i Egypt viss den noverande regjeringa ikkje får føresteg i parlamentsval, konfiskerte eigedom frå hovudfinansmennene til gruppa, og arresterte toppfigurane til gruppa.

Korrupsjon mini|Grafitti på Kasr al-Nil-brua under den egyptiske oppreisten kallar Mubarak ein tjuv. Under Mubarak sitt regime fekk korrupsjon gjennomsyra det egyptiske samfunnet. Transparency International, som kartlegg korrupsjon, gav i sin korrupsjonsindeks for 2010 Egypt ein CPI-skår på 3.1, på ein skala der 10 er lite korrupt og 0 er svært korrupt. Egypt kom på 98. plass av dei 178 landa som var med i rapporten.

Mubarak-familien og fleire partitoppar i NDP har tent seg særs rike på samanblanding av offentlege og private interesser. Den amerikanske professoren Aladdin Elaasar estimerte verdiane til Mubarak-familien til mellom 50 og 70 milliardar dollar. Den tidlegare partisekretæren Ahmed Ezz skal ha verdiar for rundt 18 milliardar egyptiske pund, medan den tidlegare busetjingsministeren Ahmed al-Maghraby skal vera verdt over 11 milliardar egyptiske pund.

Levekår mini|Befolkningspyramide for Egypt i 2005.

Egypt har hatt eit sterkt folkeauke frå innbyggjarar i 1966The British Oxford economic atlas of the World 4th edition, ISBN 0-19-894107-2 til rundt 79 millionar i 2008. Mange egyptarar, spesielt dei unge, har hatt problem med å finna seg arbeid og bustad. Mot slutten av 2010 hadde rundt 40 % av innbyggjarane ei dagleg inntekt på rundt 2 US-dollar. Mange var avhengige av subsidierte varer. Problem med arbeidsløyse råka fleire samfunnsklassar. Blant ungdom med høgare utdanning var arbeidsløysa nesten ti gonger så stor som for folk som berre hadde grunnskuleutdanning. Mange av desse misnøgde utdanna var aktive i protestane.

Politivald mini|Ein politisk karikatur av Carlos Latuff som førestiller Khaled Said i det han held opp ein dinglande Hosni Mubarak.

Bruk av sivilkledde politistyrker (ar. mukhabarat) og innhyrte bøller (baltageya), finansiert av regjeringspartiet, har vore eit kjennemerke på Mubarak-regjeringa. Den egyptiske menneskerettsorganisasjonen har dokumentert 567 tilfelle av tortur, blant dei 167 dødsfall, utførte av politiet mellom 1993 og 2007.

6. juni døydde Khaled Mohamed Said under omstridde omstende i Sidi Gaber i Alexandria. Augevitne fortalde at han var blitt slegen ihjel av politiet. Familien blei fortald av styresmaktene at han hadde blitt kvelt av ein stor dose narkotika. 25. juni det året leidde Mohamed ElBaradei ein demonstrasjon i Alexandria mot denne påståtte mishandlinga frå politiet, og vitja Saeed sin familie for å kondolera. Unge egyptarar sette opp to facebookgrupper på arabisk og engelsk kalla «Me er alle Khaled Said» i protest mot valden. Den anonyme administratoren på eine gruppa, Wael Ghonim, blei seinare ein kjend person under oppreisten. Medlemmer av reformrørsla 6. april-ungdommen, som Asmaa Mahfouz, engasjerte seg også for saka.

Vilkår for demokrati og ytringsfridom

Styret i Egypt var framstilt som demokratisk, med val av nasjonalforsamling og i eit høve president. I praksis vann likevel alltid Mubarak og NDP alle vala, medrekna folkeavstemmingar om grunnlovsendringar. Det var vanskeleg å registrera seg for å stemma, og stemmelokale kunne stengast vilkårleg. Opposisjonsparti kunne bli forbodne og kandidatar truga eller fengsla, noko som til dømes gjekk ut over Den muslimske brorskapen. Kort tid etter at kandidaten for El-Ghad-partiet Ayman Nour vann oppslutting ved det første «opne» presidentvalet i 2005, blei han fengsla skulda for falsk.

I løpet av dei siste ti åra under Mubarak fekk egyptarar tilgang til nye, private media i tillegg til dei statlege. Sjølv om desse til ei viss grad var kontrollerte av regimet, uttrykte mange av dei misnøye med ulike sider ved det egyptiske samfunnet. I tillegg voks det fram såkalla «nye media», som bloggar, som styresmaktene vanskeleg kunne kontrollera. Bloggarar og aktivistar som prøvde protestera mot regimet blei ofte mishandla og fengsla, men makta likevel å bygga opp nettverk av misnøgde. Slike internettaktivistar kunne spreia informasjon om problem som politivald og hindring av frie val eller arbeidarprotestar til ein vid skare.

Opprør Opptakt 14. januar gjekk president Ben Ali i Tunisia gjekk av etter veker med protestar. Den tuiniske oppstanden hadde byrja etter at Mohamed Bouazizi brende seg sjølv til døde i protest mot behandling frå styresmaktene. 17. januar sette ein egyptar fyr på seg sjølv framfor det egyptiske parlamentet. Seinare prøvde rundt fem andre òg å brenna seg sjølv.

25. januar: Krav om rettar Fleire «ungdomsgrupper» oppfordra i dagane fram mot 25. januar, ein dag som var nasjonal politidag til minne om heltemodig innsats av politiet under det britiske styret. I staden oppfordra grupper som «Me er alle Khaled Said» og 6. april-ungdommen egyptarar til å gjera dagen til ein dag for «vreide» og «opprør» der dei skulle «krevja rettene sine» i flygeblad. Asmaa Mahfouz filma to oppfordringar til å protestera og nådde ut til mange ved å leggja dei ut på Facebook. Ei rekkje politiske rørsler og offentlege personar gav si støtte til protestane, men andre grupper oppfordra folk til ikkje å delta, mellom anna Tagammu-partiet, Den muslimske brorskapen og Den koptiske kyrkja.

mini|Demonstrantar på «Vreidedagen», 25. januar

Som vanleg var protestane ulovlege, ettersom ein ikkje hadde fått løyvde til å demonstrera, og styresmaktene varsla at dei ville senda ut tryggingsstyrkar for å stoppa dei og arrestera demonstrantar som til dømes hindra trafikk. Avgrensa, lokale protestar hadde allereie vore vanlege tidlegare, men store protestar og opprør som braut over heile landet var noko Egypt ikkje hadde opplevd tidlegare. For fyrste gong hadde egyptarar frå alle samfunnslag og med forskjellig sosioøkonomisk bakgrunn teke del i protestar.

Organisatorane av demonstrasjonane hadde lagt vekt på at dei skulle utfalda seg på fredeleg vis, og «fredeleg», salmeya, var eitt av slagorda deira. Demonstrasjonane byrja fleire stader og i Kairo gjekk dei mot Tahrir-plassen - tahrir tyder 'frigjering'. Denne første dagen blei dei møtt av politistyrker som danna levande murar mot demonstrantane, men som også brukte batongar, tåregass og vasskanonar for å spreia dei. Nokre av demonstrantane svara med steinkasting. I Kairo døydde ein politimann som var blitt råka av ein stein, medan tre demonstrantar blei drepne i Suez. Det blei utført fleire hundre arrestasjonar. Fleire nettstader, som Twitter, og mobiltelefonar blei blokkert av styresmaktene, men Facebook og Blackberry-nettverket blei verande opne. Folk som budde nær Tahrir-plassen opna dei lokale nettverka sine slik at demonstrantar kunne kommunisera med omverda.