208 var eit skotår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen. I samtida i Romarriket var det kjent som året då Aurelius og Geta var konsular (eller sjeldnare, år 961 ab urbe condita).

Hendingar Europa: Keisar Septimius Severus av Romarriket fekk reparert den antoninske muren mot Skottland.

Vest-Asia:

Partarherskaren Vologases V døydde og blei etterfølgd av sonen sin, Vologases VI. Ein yngre bror, Artaban V gjorde krav på trona, og det braut ut borgarkrig i Partia. Ardasjir I Papagan blei herskar av satrapiet Pars (omtrentleg dato). Dette var byrjinga på erobringar som skulle gjera han til overkonge og dynastigrunnleggjar for heile Persia.

Aust-Asia: Dei tre kongedøma i Kina: Liu Bei flykta frå krigsherren Cao Cao under slaget ved Changban. Dei tre kongedøma i Kina: Sun Quan, Zhou Yu, og Liu Bei overvann Cao Cao i slaget ved dei raude klippene (slaget ved Chibi).

Fødde 1. oktober: Keisar Aleksander Severus av Romarriket Cao Li, kinesisk prins Diadumenian, romersk keisar (d. 218) Sima Shi, kinesisk general og regent

Døde Kong Rong, kinesisk lærd (avretta) Liu Biao, protektor (herskar) over Jingzhou Cai Mao, kinesisk admiral (avretta) Vologases V, herskar over Partia