Torbjørn Getz Falkanger () var ein norsk skihoppar, fødd i Strinda i Sør-Trøndelag. Han vann sølvmedaljen i hopprennet under Vinter-OL 1952 i Oslo. Med startnummer 38 av dei 44 deltakarane hoppa han i fyrste omgang 68 meter og leia med eitt poeng på Arnfinn Bergmann. Men i andre omgangen landa han på 64 meter, eit hopp som gjorde at han hamna 4,5 poeng bak Bergmann, som hadde hoppa på eit tidleg startnummer. Under opninga av vinterleikane avla Falkanger den olympiske eiden.

Falkanger vart noregsmeister i skihopp tre gongar; 1949, 1950 og 1954. I tillegg tok han sølv i 1952 og bronse i 1953. Sesongane 1949 og 1950 vann han også hopprennet i Holmenkollen. Under VM i 1950 i Lake Placid kom han på femteplassen. I det neste VM på ski, i Falun 1954, vart han nummer seks.

Falkanger var medlen av Byåsen IL, og vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1953.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1948: Nr 5 i Holmenkollen 1949: Vinnar av Hollmenkollrennet 1950: Vinnar av Hollmenkollrennet. Nr 5 i VM i Lake Placid 1952: Sølvmedalje i OL i Holmenkollen 1953: Nr 3 i Hollmenkollen 1954: Nr 6 i VM i Falun 1955: Nr 2 både i Holmenkollen og i Svenska skidspelen i Nässjö

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1949: Gullmedalje 1950: Gullmedalje 1952: Sølvmedalje i Porsgrunn 1953: Bronsemedalje 1954: Gullmedalje på Kongsvinger 1955: Nr 4 på Voss

Et par månader føre Vinter-OL 1956 fall Falkanger i Holmenkollen og pådrog seg ein skade som sette stoppar for hans tid som aktiv skihoppar.

Kjelder P. Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. Oslo, 1957 Bokmålwikipedia

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1952 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Folk frå Trondheim