Lars Joten Tangen () er ein norsk tidlegare bloggar
Tangen byrja å skriva blogg i september 2008 og blei kjend som bloggar i 2009, då han var femten år gammal. Han gjorde fleire TV-intervju og hadde sin eigen TV-serie, TvTing. Serien følgde Lars Tangen, Halvor Harsem, Caroline Berg og programleiaren Trine Grung medan dei kjøpte klede og kom med tips om klede, sminke og anna.
I 2008 blei han utsett for eit overgrep som førte til ein rettsprosess i 2011. Tangen opplevde store psykiske problem, og trekte seg tilbake frå det offentlege. Han busette seg etterkvart i Los Angeles i USA. Her blei han gift med Phil Ackerman i 2015. Paret driv ein frisørsalong i Beverly Hills saman.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på Gaysir.no og Larstangen.com, den 3. mars 2011.
Kategori:Folk frå Molde Kategori:Norske bloggarar