Simon van der Meer () var ein nederlandsk ingeniør og fysikar. Han blei tildelt Nobelprisen i fysikk i 1984 for bidrag til å finna elementærpartiklane W- og Z-boson.

Liv

Van der Meer vart fødd i Haag. Han fullførte allmennutdanninga si medan Nederland enno var okkupert av Tyskland. Han studerte teknisk fysikk ved det tekniske universitetet i Delft og tok ingeniørgrad der i 1952. Han jobba han ved Philips forskingslaboratorium i Eindhoven fram til han vart han tilsett ved forskingssenteret CERN i Sveits i 1956. Her blei han verande til han pensjonerte seg i 1990.

Simon van der Meer var gift med Catharina M. Koopman. Dei fekk to born, Esther og Mathijs.

Forsking I 1968 utvikla van der Meer stokastisk kjøling av partikkelstråler. Metoden gjer at ein kan gje partikkelstråler meir einsarta energi og retning, og hadde avgjerande tyding for eksperimenta ved CERN. Han blei brukt i CERN sin partikkelakselerator Super Proton Synchrotron til å danna intense antiprotonstråler som kolliderte med mot-roterande protonstråler. Kollisjonane danna W- og Z-boson som blei observerte første gong i 1983 ved eit eksperiment]] leidd av Carlo Rubbia. Teorien om at bosona fanst hadde vore lagt fram nokre år tidlegare, og påvisinga av dei var ein viktig suksess for CERN. I 1984 delte van der Meer og Rubbia Nobelprisen i fysikk for dei viktige bidraga sine til prosjektet.

Kjelder

, skrive av Jan Olav Eeg. Delar av denne artikkelen bygger på «Simon van der Meer» frå , den 6. januar 2015.

kategori:Nederlandske fysikarar kategori:Nederlandske nobelprisvinnarar Kategori:Folk frå Haag Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Folk tilknytte CERN