Folkebladet var eit vekeblad opposisjonspolitikaren Pierre Poumeau Flor gav ut i tidsrommet 1831–1833. Det tok hovudsakleg opp norske tilhøve og innanrikspolitikk, med nokre utanriksnyheite i første årgangen. Henrik Wergeland var medarbeidar i bladet, og fekk trykt fleire dikt og politiske artiklar der. George Frederik von Krogh var ein annan bidragsytar.

Kjelder

Salmonsens konversationsleksikon. Anden Udgave fra runeberg.org

Kategori:Norske vekeblad Kategori:Tidlegare norske tidsskrift Kategori:Publikasjonar skipa i 1831 Kategori:Publikasjonar nedlagde i 1833 Kategori:Henrik Wergeland Kategori:1831 i Noreg Kategori:1833 i Noreg