«Lay Down Sally» er ein song av Eric Clapton, skriven av Clapton, Marcy Levy og George Terry. Han vart gjeven ut på albumet Slowhand i 1977 og sidan som singel. Singelen nådde tredjeplassen i USA. Songen er ein countryrock song spelt i same stil som J. J. Cale. Clapton har sagt at andre medlemmar i bandet, som Carl Radle frå Oklahoma, George Terry, Jamie Oldaker og andre påverka songen.
Clapton forklarte «Det er så nære eg kan kome, som engelskmann, men bandet er frå Tulsa, og dei spelte dette naturleg. Du klarar ikkje få dei til å spele ein engelsk rockestil, ikkje i det heile. Ideen deira om ein drivande rytme er ikkje å vere høglydt eller noko slikt. Det er subtilt».Pidgeon, John, “Eric Clapton: A Biography”, s. 103, Vermillion & Company, ISBN 0-03-160161-4, 1985
Singelen nådde òg 26. plassen på countrylista i USA, den høgaste plasseringa til Clapton på denne lista.
Medverkande
Eric Clapton: Elektrisk gitarar, vokal Marcy Levy: Vokal George Terry: Elektrisk gitar Carl Radle: Bass Dick Sims: Elektrisk piano Jamie Oldaker: Trommer
Andre versjonar Red Sovine, ein countrysongar som er mest kjend for sentimentale songar og lastebilsongar, har ein song som er forholdsvis lik Clapton sin song. Han tok songen til 70. plass på countrylista i 1978. Andre som har spelt songen er The Seldom Scene, Rod Stewart og Don Williams.
Bakgrunnsstoff Lay Down Sally på songfacts.com
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lay Down Sally» frå , den 14. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Songar skrivne av Eric Clapton Kategori:Songar skrivne av Marcella Detroit Kategori:Songar produserte av Glyn Johns Kategori:RSO Records-singlar