«Reconsider Baby» er ein bluessong gjort i vestkyst-bluesstil som er spelt av mange bluesartistar og andre artistar. Lowell Fulson sin «Reconsider Baby» vart ein hitt på Topp 10 på R&B-lista i USA og er anerkjent av Blues Foundation Hall of Fame og Rock and Roll Hall of Fame.
Original song I 1954 skreiv Lowell Fulson og spelte inn «Reconsider Baby» som den første singelen sin for Checker Records, eit selskap under Chess Records. Songen var ein 12-taktsblues i middels tempo med ein gitarsolo av Fulson. Songen vart ein hit og låg 15 veker på R&B-lista der han nådde tredjeplass som høgaste plassering. I 1993 vart «Reconsider Baby» innlemma i Blues Foundation Hall of Fame i kategorien «Classics of Blues Recordings». Songen er òg på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma Rock and Roll.
Andre versjonar Mange andre artistar har spelt inn songen, mellom andre: 1960 – Elvis Presley frå Elvis is Back! 1964 – Bobby Bland frå Ain't Nothing You Can Do. 1966 – Magic Sam som «Hate to See You Go» frå Magic Touch. 1969 – Ike and Tina Turner frå Outta Season. 1972 – Freddie King frå The Texas Cannonball. 1994 – Eric Clapton frå From the Cradle. 2004 – Joe Bonamessea frå Had to Cry Today.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Reconsider Baby» frå , den 14. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1954 Kategori:Singlar frå 1954 Kategori:Bluessongar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Ike & Tina Turner-songar Kategori:Bobby Bland-songar Kategori:Joe Bonamassa-songar