Uruguay, offisielt Republikken aust for Uruguay, er ein republikk i den sørlege kjegla av Sør-Amerika, og grensar til Brasil i nord og Argentina i vest, med kyst mot Atlanterhavet i sør og søraust. Landet er det nest-minste landet i Sør-Amerika og er eit av dei mest politisk og økonomisk stabile. Det har kring 3,4 millionar innbyggjarar, og eit areal på 176 220 km². Hovudstaden i landet og den største bye er Montevideo, som med forstader og kringliggande område på sørvestkysten av landet huser to tredelar av folkesetnaden i landet. Spansk er de facto språk i landet.

Uruguay er eit demokrati organisert som ein einingsstatleg presidentiell republikk. Uruguay er ein einingsstat, med to administrative nivå under staten: departement (departamentos) og kommunar (municipios). Landet var ein del av det spanske koloniriket fram til 1821, då Brasil annekterte landet. Uruguay blei sjølvstendig i 1828. Uruguay er rangert som nr. 1 blant dei latinamerikanske landa i livskvalitet, demokrati-indeksen, mangel på korrupsjon, fredsindeks, pressefridom og e-regjering.Uruguay 2013 (engelsk) (engelsk) Uruguay er òg blitt rangert som det tredje beste landet i Latin-Amerika når det gjeld menneskeleg utvikling.UNDP HDI Uruguay (engelsk)], 11. januar 2015

Uruguay er ein betydeleg bidragsytar i Dei sameinte nasjonane (SN), og har delteke med soldatar i fleire utanlandsoperasjoner med mandat frå SN. Uruguay er blant statane som har vore med frå grunnlegginga av SN, Mercosur, ALADI, Organisasjonen av amerikanske statar (OAS), Verdshandelsorganisasjonen og Den søramerikanske unionen.

Namn Namnet Uruguay kan setjast saman av dei tupianske orda uru, som tyder fugl, og guay, som tyder hale, som òg er namnet på ei fugleart som var svært vanleg i landet.

I kolonitida var området kjend som Banda Oriental del Uruguay, det vil seia austbreidda av elva Uruguay. Det offisielle spanske namnet på republikken er República Oriental del Uruguay og tyder 'Republikken austom Uruguay'.Uruguay i The World Factbook (Central Intelligence Agency) (engelsk)Uruguay i Encyclopædia Britannica (engelsk)

Geografi

Heile den sørlege delen av Uruguay består av lågland. Innlandet består for det meste av småkupert bakkeland som ligg 200–300 meter over havet. Den høgaste toppen ligg 540 meter over havet. Det meste av landet er dekt av grassletter, sokalla pampas. Langs elvebreiddene veks spreidd skog, og i dei sørlegaste områda finst somme område med savanne.Country Studies: Uruguay (engelsk)

Klima

Uruguay har eit mildt, fuktig, subtropisk klima med nedbør i alle årstidene. Den kaldaste månaden er juli, med ein snittemperatur på 10–13 °C, medan den varmaste er januar, med ein snittemperatur på 22–25 °C. Årsnedbøren varierer mellom 900 og 1 300 millimeter. Framstøyt av kald luft frå sørvest (pamperos) kan stundom gje kraftige byer og sterke temperaturfall.

Historie

mini|Portugisisk kolonimur i Colonia del Sacramento, i sørvestlege Uruguay mini|Trettitre frigjerarar (Treinta y Tres Orientales)

Kolonisering Spanjolane var dei første europearane som kom til området som i dag heiter Uruguay i 1516. Urfolka som budde der frå før motsette seg spansk erobring, og sidan det var lite gull og sølv å finna i området, hadde spanjolane avgrensa interesse for området på 1500- og 1600-talet. Uruguay var midtpunktet for ei rekkje stridar mellom det spanske og det portugisiske imperiet. I 1603 byrja spanjolane å innføra storfe til området, og dette blei ei kjelde til rikdom i regionen.

Byen Montevideo blei grunnlagd av spanjolane på byrjinga av det 1700-talet som ei militær festning som skulle hindra inntrengarar og fiendar frå å koma til området. I 1806 og 1807 freista den britiske hæren å ta kontroll over Buenos Aires og Montevideo som ein del av Napoleonskrigane. Som eit resultat av dette blei Montevideo okkupert av britiske soldatar frå februar til september 1807. I 1811 lanserte José Gervasio Artigas, som er rekna som nasjonalhelt i Uruguay, ein vellukka revolusjon mot dei spanske styresmaktene. Han sigra over dei spanske styrkane 18. mai 1811 i slaga ved Las Piedras. I 1816 blei området angripe frå Portugal, som invaderte Banda Oriental frå Brasil, og dei tok kontroll over Montevideo i januar 1817. Uruguay blei verande del av det spanske koloniriket fram til 1821, då Brasil annekterte landet. Uruguay fekk sjølvstende i 1828.

Sjølvstendekrig (1811-1830) I andre halvdel av 1800-talet var det mykje innvandring til Uruguay. Fleirtalet av innvandrarane kom frå Italia og Spania. Mellom 1860 og 1868 auka talet på sauer i landet frå tre millionar til sytten millionar. Hovudgrunnen til denne auken låg framfor alt i dei forbetra metodane for husdyrhald som blei introduserte av dei mange europeiske innvandrarane. Montevideo blei eit økonomisk sentrum i området. På grunn av den store hamna i Montevideo blei byen brukt som base for handel mellom Uruguay og naboland som Argentina, Brasil og Paraguay.

1900-talet mini|304x304pk|Julio María Sanguinetti (1985-1990 og 1995-2000) var den første presidenten i moderne demokrati (1985-) Rundt 1900 var barnedøydelegheten i Uruguay blant dei lågaste i verda, noko som indikerer ein særs sunn folkesetnad på denne tida. Dette talet har seinare stige ein del.

Under første verdskrigen tok Uruguay parti mot Tyskland og braut alle diplomatiske samband med landet. Uruguay spelte inga stor rolle i kamphandlingar på noko tidspunkt under denne krigen. I 1930 blei Uruguay valt som vertsland for det aller første fotball-VM. Sjølv om dette arrangementet var mykje mindre den gongen enn konkurransane som er blitt haldne seinare, førte arrangementet til ein enorm nasjonal stoltheit då heimelaga vann turneringa over nabolandet Argentina.

Slaget ved Río de la Plata var det første større sjøslaget under den andre verdskrigen og fann stad utanfor kysten av Argentina og Uruguay mellom britiske krigsskip og den tyske «Admiral Graf Spee». I kampen blei det britiske skipet HMS «Exeter» alvorleg skadd og måtte trekkja seg vekk frå kampen, medan to andre britiske skip fekk mindre skadar. Den tyske kapteinen Hans Langsdorff, som styrte skipet, valde å senka «Admiral Graf Spee» i staden for å segla ut av hamna i Montevideo og møta det han feilaktig trudde var ein fullt overlegen alliert styrke. Få dagar seinare utførte kapteinen sjølvmord i Buenos Aires.

På slutten av 1950-talet, delvis på grunn av ein nedgang i etterspurnaden etter landbruksprodukt på verdsmarknaden, byrja Uruguay å få store økonomiske problem med inflasjon og veksande arbeidsløyse, og folkesetnaden fekk ein bratt nedgang i levestandarden. Dette førte til store militante grupperingar som Tupamaros-geriljaen og uro blant arbeidarar og studentar. Tupamaros-geriljaen blei grunnlagd på byrjinga av 1960-talet; og rante først bankar og butikkar for så å distribuera mat og pengar i fattige nabolag. Deretter byrja dei med politiske kidnappingar, attentat og angrep på militæret og tryggleiksstyrkar.

Den dåverande presidenten i Uruguay, Jorge Pacheco Areco, erklærte unntakstilstand i 1968. Dette blei følgd av vidare svekking av borgarrettane i 1972 av etterfølgjaren hans, president Juan María Bordaberry. President Juan Bordaberry gav hæren ordre pm å kjempa mot Tupamaros-geriljaen som lenge var leia av Raúl Sendic. Etter å i stor grad ha overvunne Tupamaros-geriljaen, greip dei militære makta i Uruguay i 1973. Tortur og terror mot eigne borgarar var utbreidd praksis under det uruguayanske diktaturet på 1980-talet.

Uruguay hadde på eit tidspunkt den høgaste mengda politiske fangar per innbyggjar i heile verda. Bordaberry blei fjerna som president i 1976, raskt etterfølgd av eit nytt formannskap av militære leiarar. I 1984 braut det ut massive protestar mot militærdiktaturet. Etter ein generalstreik på 24 timar byrja forhandlingar, og dei væpna styrkane kunngjorde ein plan for å innføra eit sivilt demokratisk styre i landet. Nøyaktig kor mange sivile som blei drepne under det tolv år lange militærstyret i Uruguay mellom 1973 og 1985 er ikkje gjort offentleg kjent. Ei stor mengd av dei drepne er aldri blitt funne igjen.

Nye økonomiske reformer som blei innførte, med fokus på å få inn utanlandsk handel og kapital, fekk ein viss suksess og stabiliserte økonomien på 1970-og 1980-talet. Luis Alberto Lacalle vann presidentvalet i 1989 og sat ved makta fram til 1995. President Lacalle innførte blant anna store økonomiske strukturelle reformer, og var ein forkjemper for liberalisering av tidlegare handelsreformer. Til trass for større økonomisk vekst i løpet av presidentskapet til Lacalle, provoserte dei store justeringene det private næringslivet og den politiske opposisjonen, og nokre av reformene blei velta gjennom folkerøystingar.

2000-talet José Mujica, ein tidlegare gerilja-krigar i Tupamaros, blei vald til president i Uruguay og innsett i embetet 1. mars 2010.

I 2012 legaliserte Uruguay abortBBC: Americas: Uruguay (engelsk) og likekjønna ekteskap.Same-sex marriage bill comes into force in Uruguay (engelsk) I 2013 blei Uruguay det første landet i verda som legaliserte marihuana.http://www.huffingtonpost.com/news/uruguay-marijuana-legalization

I 2014 vart den sosialistiske kandidaten Tabaré Vázquez (2005-2010) vald til president for ein 5-års periode, frå 2015 til 2020.El País (Spania): "El izquierdista Tabaré Vázquez será el sucesor de Mujica en Uruguay", 30. november 2014 (spansk) I 2020 blei han etterfølgd av Luis Alberto Lacalle Pou.

Folkesetnad Folketalet i Uruguay var 3 286 314 i 2011, med ein årleg folkevekst på 0,8 % frå 1994 til 1999. Gjennomsnittleg levealder er 79,2 år for kvinner og 72,7 år for menn (1999). Det er tettast folkesetnad kring Montevideo.Atlas Socialdemográfico de Uruguay (INE) (spansk)BBC: World Latin America (engelsk)

I 1995 kunne 97,3 % av folkesetnaden over 15 år lesa og skriva. 90 % av folkesetnaden er av europeisk, mest av spansk og italiensk herkomst.

Som eit spanskspråkleg land i Latin-Amerika, har dei fleste uruguayarar ein spansk-kulturell bakgrunn, sjølv om om lag ein fjerdedel av befolkninga har italiensk bakgrunn. Rundt 88 % av befolkninga har hovudsakleg europeisk bakgrunn medan mestisar (8 %) og mørkhuda (4 %) er dei største etniske minoritetane.

Av religiøs tilknyting er 66 % rekna som katolikkar, 2 % som protestantar (2 %) og 1 % som jødar. 31 % er noko anna. Kyrkje og stat er offisielt fråskilde.

Største busetnader mini|Montevideo. mini|Salto by mini|Ciudad de la Costa i Canelones Uruguay er i dag eit urbant land, der nærare 80 % av folkesetnaden i Uruguay bur i tettstader.Byar i Uruguay i citypopulation.de TettstadFolkemengdAreal, km²Montevideo1 304 687209Salto104 011 -Ciudad dei la Costa95 176Paysandú76 412Las Piedras72 258Rivera64 465Maldonado62 590Tacuarembó54 755Melo51 830Mercedes41 974Artigas40 657Minas38 446San José de Mayo36 743Durazno34 368Florida33 639Barros Blancos31 650Ciudad del Plata31 145San Carlos27 471Colonia del Sacramento26 231Pando25 947

Politikk og administrasjon

Administrativ inndeling Uruguay er delt inn i 19 departement (spansk departamentos), som fungerer som dei nest øvste forvaltingseiningane i landet.Befolkning (INE 2011) (spansk)

Administrativ inndelingsentrum|475x475pk|Politiske karta med departement