Live from Madison Square Garden er eit dobbelt konsertalbum av Eric Clapton og Steve Winwood som kom ut 19. mai 2009http://www.ericclapton.com/product/eric-clapton-and-steve-winwood-live-madison-square-garden-limited-edition-2cd2dvd/?eml=0509/EC/releasedate/DTC/newspost. Albumet består av konsertopptak frå konsertane til Clapton og Winwood i Madison Square Garden i februar 2008.

Konsertane vart ikkje marknadsførte som offisielle Blind Faith-konsertar, men som «Winwood and Clapton». Dei spelte derimot hovudsakleg Blind Faith-songar, samt utval av songar frå Traffic, Derek and the Dominos, solokarrieren til Clapton og nokre Jimi Hendrix-songar. Bandet bestod av Willie Weeks på bass, Ian Thomas på trommer og Chris Stainton på klaverinstrument.

Bakgrunn Winwood og Clapton kryssa musikalske stiar i 1969 då dei danna Blind Faith, eit band som var pionerar innan blandinga av rock og blues og som vart ein stor suksess både på plate og på konsertar. Trass i kritikarros og høge salstal, varte ikkje bandet lenge og gav berre ut eitt album og gjorde ein kort turne i 1969. Sidan den siste konserten i 1969 har Winwood og Clapton vore vener, men har berre spelt i lag eit fåtal gonger i løpet av åra. I 2008 var det første gong Clapton og Winwood spelte heile konsertar i lag på nesten 40 år.

Turne Den 11. februar 2009 annonserte paret at dei skulle vitja 14 byar i USA, og turneen starta 10. juni 2009 i East Rutherford i New Jersey. Med seg på turneen hadde dei Chris Stainton (klaverinstrument), Willie Weeks (bass), Abe Laboriel, Jr. (trommer), samt korvokalistane Sharon White og Michelle John.

Innhald

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Live from Madison Square Garden (Eric Clapton and Steve Winwood album)» frå , den 15. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Eric Clapton-album Kategori:Steve Winwood-album Kategori:Doble konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 2009