William "Billy" Cox () er ein amerikansk bassist, mest kjend for å ha spelt i bandet til Jimi Hendrix.

Han møtte først Jimi Hendrix tidleg i 1960-åra, då dei begge var i hæren i lag. Cox spelte då i lag med Hendrix i eit R&B-band kalla King Kasuals. Hendrix inviterte seinare Cox til England for å spele i bandet hans, men Cox avslo og jobben gjekk i staden til Noel Redding. Etter at the Jimi Hendrix Experience var oppløyst i 1969, kom Cox med i bandet Band of Gypsys i lag med Hendrix. Cox vart verande i band med Hendrix til han døydde i 1970, og spelte mellom anna på Woodstock-festivalen.

I 1971 gav Cox ut albumet Nitro Function med Char Vinnedge (frå Luv'd Ones) og Robert Tarrant. Cox spelte òg i lag med fleire andre, som Charlie Daniels Band og Buddy Miles.

Diskografi Solo Nitro Function, 1971

Samarbeid Them Changes, Buddy Miles, 1970

Band of Gypsys Band of Gypsys, Jimi Hendrix, 1970 Band of Gypsys 2, Jimi Hendrix, 1986 The Band of Gypsys Return, Buddy Miles & Billy Cox, 2006

The Jimi Hendrix Experience Live at Berkeley, 2003 Live at the Isle of Fehmarn, 2005

Jimi Hendrix The Cry of Love, 1971 Rainbow Bridge, 1971 Isle of Wight, 1971 Hendrix in the West, 1972 War Heroes, 1972 Loose Ends, 1974 Crash Landing, 1975 Nine to the Universe, 1980 The Jimi Hendrix Concerts, 1982 Woodstock av Jimi Hendrix, 1994 Blues, 1994 Voodoo Soup, 1995 First Rays of the New Rising Sun, 1997 South Saturn Delta, 1997 Live at Woodstock, 1999 Valleys of Neptune, 2010 West Coast Seattle Boy: The Jimi Hendrix Anthology, 2010

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Billy Cox» frå , den 15. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Billy Cox Biografi Billy Cox i 1979

Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:Afroamerikanske rockemusikarar Kategori:Jimi Hendrix Kategori:Folk frå Pittsburgh