Axis: Bold as Love er det andre studioalbumet av The Jimi Hendrix Experience. Etter press frå plateselskapet til å kome med ein oppfølgjar til debutalbumet Are You Experienced frå mai 1967, vart Axis: Bold as Love gjeven ut på Track Records i Storbritannia i desember 1967. Det nådde femteplassen i Storbritannia og seinare tredjeplassen i USA.Electric Gypsy av Harry Shapiro & Caesar Glebbeek

Albumet vart spelt inn for å fullføre platekontrakten til bandet, som sa at dei måtte lage to album i 1967. Det vart likevel ikkje gjeve ut i USA før 1968 på grunn av frykt for at det ville forstyrre salet av det første albumet, som selde særs godt.Liner notes of the album, Alan Douglas supervised CD issue, released in 1993 (with a different cover) Bassist Noel Redding har sagt at dette var favorittalbumet hans av dei tre Experience-albuma. Han spelar sjølv åtte strengsbass på somme songar.

Like før albumet var ferdig, la Hendrix att masterteipen til side 1 i ein taxi. Dei vart aldri funnen att, og A-sida måtte derfor miksast på nytt.

Ettermæle I 2003 vart albumet rangert på 82. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Albumet er omtalt i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Magasinet Guitarist kåra albumet til det sjuande mest påverkande gitaralbumet gjennom tidene.

Musikk Mange av songane på albumet vart komponerte med studioinnspelingsteknikkar i tankane, og som følgje av dette vart fleire av songane sjeldan spelt på konsertar. Berre «Spanish Castle Magic» og «Little Wing» vart spelt fast. Teksten til «Spanish Castle Magic» var inspirert av The Spanish Castle, eit danselokakle i Des Moines i Washington nær Seattle der Hendrix jamma med lokale rockegrupper i high school-tida. På «Little Wing» speler Hendrix gitaren gjennom ein Leslie-høgtalar (roterande høgtalar som skapar ein skjelvande effekt, typisk brukt i elektriske orgel) for første gong.

Den første songen, «EXP», startar med nokre tonar frå «Stone Free» og består av ein samtale mellom Mitchell og Hendrix om UFOar, der Mitchell spelar ein radiovert og Hendrix eit romvesen forkledd som Mr. Paul Caruso. Stemma hans går gradvis langsamare før han tar av med romskipet sitt.

Songen «Little Miss Lover» var den første som inneheldt ein støtvis, dempa wah-wah-effekt - ein teknikk seinare nytta av mange andre gitaristar.

Innhald

Medverkande Jimi Hendrix – gitar, vokal, bass, piano, fløyte, stemme som «Mr. Paul Caruso» på «EXP» Mitch Mitchell – trommer, klokkespel på «Little Wing», korvokal, radiovert på «EXP» Noel Redding – bass, 8-strengsbass, korvokal, tramping på «If 6 Was 9», solovokal på «She's So Fine». Gary Leeds – tramping på «If 6 Was 9» Graham Nash – tramping på «If 6 Was 9» Michael Jeffery – tramping på «If 6 Was 9» Trevor Burton – korvokal på «You Got Me Floatin'» Roy Wood – korvokal på «You Got Me Floatin'» Chas Chandler – produsent og tramping på «If 6 Was 9»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Axis: Bold as Love» frå , den 15. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Jimi Hendrix-album Kategori:Musikkalbum frå 1967 083 092