Morten Solem () er ein tidlegare norsk skihoppar. Han vart noregsmeister i normal bakke i 2001, elles vann han to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i sesongane frå 2000 til 2002. Han var medlem av Trondhjems Skiklubb.
Karriere Solem slo gjennom i 2000, då han fekk bronse under NM i normal bakke. Sesongen etter debuterte han i verdscupen under opningsrennet i Kuopio i november månad. I verdscupen hamna han den sesongen eit stykke nede på resultatlistene, til liks med dei andre hopparane på det norske landslaget. Men han vann både gull og sølv i dei to NM-renna. Solems beste plassering i verdscupen kom i januar 2004, då han vart nummer sju i Liberec.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 2001: Nr 12 i Trondheim 2002: Nr 21 i Sapporo 2004: Nr 7 i Liberec 2005: Nr 8 i to renn i Sapporo 2006: Nr 12 i Sapporo 2007: Nr 8 i Zakopane
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2000: Bronsemedalje i normalbakken på Vang Ski-NM 2001: Gullmedalje i normalbakken i Sprova, sølvmedalje i storbakken i Trondheim Ski-NM 2002: Sølvmedalje i normalbakken i Høydalsmo Ski-NM 2003: Nr 4 i normalbakken på Lillehammer Ski-NM 2004: Nr 4 i storbakken i Oslo Ski-NM 2006: Nr 4 i storbakken i Oslo Ski-NM 2007: Nr 5 i normalbakken i Molde
Han la opp som aktiv skihoppar i 2007. Deretter var han assistenttrenar for det norske kombinertlandslaget fram til våren 2010.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Morten Solem i fis-ski.com
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Noregsmeistrar i skihopping Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Folk frå Trondheim