Fredrik Haugen () er ein norsk fotballspelar som spelar for Brann i Eliteserien (2020).
Frå 2011 spelte han for Brann. Han har hatt fleire landskampar for Noreg på aldersbestemte landslag. Før han gjekk til Brann, hadde han spelt heile karrieren i Løv-Ham.
Haugen blei henta opp i A-lagsstallen til Løv-Ham før 2009-sesongen, saman med Kevin Dure. Han debuterte som innbytar mot Sogndal 26. april og skåra det første målet sitt i 16. mai-kampen mot Sarpsborg 08, som Løv-Ham vann 4–1. I løpet av sesongen fekk han ei rekke kampar for klubben, særleg fordi Erlend Storesund var ute med skade. Mot slutten av sesongen blei Haugen tildelt Kniksen-stipendet på kroner 10 000. Stipendet er oppkalla etter Roald «Kniksen» Jensen og blir delt ut kvart år til eit lokalt talent.
Då Løv-Ham slo Start 14–13 på straffer på bortebane i tredje runde av cupen, var det Haugen som skåra på den siste og avgjerande straffa for Løv-Ham. Han spelte også delar av kampen med armbrot.
I løpet av 2009-sesongen trente Haugen også med Brann som ein del av samarbeidet mellom Løv-Ham og Brann. Vinteren 2010 var han med på Brann sin treningsleir på La Manga og spelte der fleire treningskampar for klubben.
I august 2010 signerte han ein kontrakt med Brann som går ut 2013-sesongen, men han fullførte sesongen i Løv-Ham. Han debuterte i Tippeligaen for Brann som innbytar i opningskampen i 2011-sesongen, heime mot Rosenborg 20. mars 2011. Han spelte frå start første gong 10. juni 2011, heime mot Sogndal og skåra det første tippeligamålet sitt i ein bortekamp mot Odd Grenland 31. juli same året.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fredrik Haugen» frå , den 19. mars 2011.
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Løv-Ham-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Folk frå Bergen