Frithjof Prydz () var ein norsk skihoppar og tennisspelar frå Oslo. Han vart individuell noregsmeister i skihopping to gongar, og i tennis tre gongar.
Skihopp Skihopparen Prydz slo gjennom då han i 1968 i Løklibakken i Ørskog vart nummer fire i noregsmeisterskapen i normal bakke. I NM-renna for 1971 vart han nummer to i normalbakken og tre i den store bakken. Same sesongen tok han sin einaste internasjonale siger då han vann hopprennet i Lahti. I 1972 tok han sin første NM-tittel med gull i storbakken, Ingolf Mork og Bjørn Wirkola kom på dei andre medaljeplassane. I 1973-sesongen delte han gullmedaljen med Lars Grini i normalbakkerennet, medan det vart bronse i storbakken. Prydz tok si siste NM-medalje i 1975, eit sølv i storbakken, bak Odd Grette, men føre den nye NM-kongen Johan Sætre. Prydz tevla for osloklubben Ready.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1970: Nr 6 i Holmenkollen 1971: Siger i Lahti 1972: Nr 8 i Lahti 1972/73: Nr 15 i Oberstdorf 1975: Nr 4 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1968: Nr 4 i normalbakken i Ørskog Ski-NM 1970: Nr 8 i storbakken i Meldal Ski-NM 1971: Sølvmedalje i normalbakken i Rælingen, og bronsemedalje i storbakken i Bærum Ski-NM 1972: Gullmedalje i storbakken i Trondheim Ski-NM 1973: Gullmedalje i normalbakken i Vang og bronsemedalje i storbakken på Lillehammer Ski-NM 1974: Nr 8 i storbakken i Meldal Ski-NM 1975: Sølvmedalje i storbakken i Bærum
Tennis Prydz fekk med seg 21 NM-titlar i tennis, og spela 15 Davis Cup-kampar (4 sigrar og 11 tap). Utandørs: Menn single: 1968 Menn double: 1969, 1973, 1974 Mixed double: 1970-1972, 1974, 1976, 1977, 1979 Innandørs: Menn single: 1979, 1980 Mixed double: 1968, 1976, 1977, 1979, 1980, 1985
Ellen Grindvold frå Oslo Tennisklubb var Prydz sin makker i mixed double.
For sine prestasjonar som skihoppar og tennisspelar mottok Frithjof Prydz Egebergs Ærespris i 1971.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Bokmålswikipedia
Notar
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1972 Kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris