Har Adar (hebraisk הר אדר), er ei israelsk busetjing og lokal kommune på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart grunnlagt i 1982. Folketalet er 2700.(2007) Han ligg nær Abu Ghosh og Den grøne linja, kring 15 kilometer vest for Jerusalem i Jerusalem-provinsen og vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda går aust for Har Adar, og skil dermed busetjinga frå resten av Vestbreidda.
Om lag 600 palestinske arbeidarar arbeider i Har Adar som dagpendlarar. Lokalstyresmaktene i Har Adar har forbode palestinarane å gå rundt i busetjinga på eiga hand, eller handla i butikken i Har Adar. Arbeidarane må køyrast rundt av arbeidsgjevarane sine dersom dei har ærend.Har Adar Banning Movement of Palestinians frå Ynetnews 22. mars 2009
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Har Adar si nettside på hebraisk
Kategori:israelske busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982 kategori:israelske busetjingar på Vestbreidda