«Your Time Is Gonna Come» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, gjeven ut i 1969 på debutalbumet deira Led Zeppelin.
Gitarist Jimmy Page spelte ein ustemd Fender 10-strengs stålgitar på songen.Steven Rosen, 1977 Jimmy Page Interview , Modern Guitars, 25. mai 2007 (opphavleg frå juli 1977, i Guitar Player). I eit intervju i 1977 sa Page at han først lærte å spele stålgitaren under innspelinga til det første albumet.Dave Schulps, Interview with Jimmy Page , Trouser Press, oktober 1977. Bassist John Paul Jones spelar orgel, og nyttar pedalane som bass.
Teksten omhandlar ei utru jente som må betale prisen for måten ho oppfører seg på. Linjene «One of these days and it won't be long / You'll look for me but baby I'll be gone» er henta frå Ray Charles-songen «I Believe to My Soul» og syner kjærleiken Robert Plant hadde for R&B.
Den einaste kjende gongen Led Zeppelin spela songen på konsert var eit kort utdrag i Tokyo den 24. september 1971 under ein medley med «Whole Lotta Love». Dette finst på piratkopialbumet Light and Shade.
Jimmy Page spelte «Your Time Is Gonna Come» på turneen sin med The Black Crowes i 1999. Dette finst mellom anna på albumet Live at the Greek.
Slash, tidlegare gitarist i Guns N' Roses, har omtalt «Your Time Is Gonna Come» som favorittsongen sin av Led Zeppelin. Plateprodusent Rick Rubin sa om songen: «Det er som om trommene spelar ein stor rockelåt, medan gitarane spelar ei roleg folkevise. Og han har eit av dei mest livlege refrenga i nokon Led Zeppelin-song, men teksten er så mørk.»The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 21. mars 2011.
Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - orgel, basspedalar John Bonham - trommer
Andre versjonar 1969: Sandie Shaw (Reviewing the Situation) 1990: Dread Zeppelin (Un-Led-Ed) 2000: Jimmy Page & The Black Crowes (Live at the Greek) 2001: Wolfgang (Black Mantra) 2003: various artists (Pickin' on Led Zeppelin, Vol. 2) 2005: Iron Horse (Whole Lotta Bluegrass: A Bluegrass Tribute to Led Zeppelin) 2006: Joe Parr Band (Hurts to Be Lonely) 2007: Vanilla Fudge (Out Through the in Door) 2009: The Hold Steady (live)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Your Time Is Gonna Come» frå , den 21. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, by Chris Welch, ISBN 1-56025-818-7 The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, by Dave Lewis, ISBN 0-7119-3528-9
Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Jimmy Page-songar Kategori:John Paul Jones-songar