Bodmin Moor (kornisk (Place-names in the Standard Written Form (SWF) : List of place-names agreed by the MAGA Signage Panel . Cornish Language Partnership.) er ei lynghei av granitt nordaust i Cornwall i England. Ho dekkjer eit område på 208 km² og oppstod i karbontida.

Bodmin Moor er ein av fem djupbergartar av granitt i Cornwall som utgjer ein del av kornubisk batolitt. Charoy, B. (1986) Genesis of the Cornubian Batholith (South West England): the example of the Carnmenellis Pluton i: Journal of Petrology; 1986 Oxford: OUP

Namnet «Bodmin Moor» er forholdsvis nytt, og vart gjeve av Ordnance Survey i 1813. Tidlegare var området kjent som «Fowey Moor» etter River Fowey som spring ut her.; s. 72

Dramatiske granittklipper stig opp frå det bølgjande lyngheilandskapet. Den mest kjende er Brown Willy, det høgaste punktet i Cornwall med ei høgd på 417 meter over havet.GENUKI: Cornwall Rough Tor på 400 meter over havet har bygningsspor frå steinalderen. I søraust er Kilmar Tor og Caradon Hill dei mest prominente åsane. Store delar nav landskapet er dårleg drenerte og består av myrer (som på varme somrar kan tørke inn). Resten av lyngheilandskapet er hovudsakleg grove enger som er overgrodd av røsslyng eller anna låg vegetasjon.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bodmin Moor» frå , den 22. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Weatherhill, Craig (1995) Cornish Place Namns & Language Wilmslow: Sigma Leisure ISBN 1850584621

Bakgrunnsstoff Cornwall AONB

Kategori:Åsar i Cornwall