An Riabhachan er eit fjell i Skottland i Skye and Lochalsh i Highland. Det ligg for seg sjølv, 35 km aust for Kyle of Lochalsh, ved vestenden av Loch Mullardoch, ti kilometer frå næraste offentlege veg.
An Riabhachan har ei høgd på 1129 meter over havet og er den 5. høgaste Munro nord for Great Glen og den 29. høgaste totalt. Namnet tyder «den spettete», noko ein trur kjem frå den flekkete utsjånaden den steinbesette torva gjev."The Magic of the Munros" Page 148 Gives details of translated namn.
An Riabhachan er hovudsakleg graskledd, og berre berglendt lengst nord på ryggen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «An Riabhachan» frå , den 23. mars 2011. oppgav desse kjeldene: The Munros, Scottish Mountaineering Trust, 1986, Donald Bennett (Editor) ISBN 0-0907521-13-4 The High Mountains of Britain and Ireland, Diadem, 1993, Irvine Butterfield, ISBN 0-906371-30-9 The Munros, Scotland's Highest Mountains, Cameron McNeish, ISBN 1-84204-082-0
Kategori:Fjell og åsar i Highland