«Tangerine» er ein folkrocksong skriven av Jimmy Page og framført av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Han vart gjeven ut på albumet deira Led Zeppelin III i 1970.

Som mange Led Zeppelin-songar skriven av Page, hadde han opphav i ein gammal Yardbirds-song, i dette tilfellet ein song kalla «Knowing That I'm Losing You».Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. The Yardbirds-versjonen hadde ein annan tekst, med unntak av verset som startar med «Measuring a summer's day».

Songen har ein akustisk country-stil med pedalsteelgitar av Page.Steven Rosen, 1977 Jimmy Page Interview , Modern Guitars, May 25, 2007 (originally published in the July 1977, issue of Guitar Player magazine). Songen byrjar med ein falsk start, før ein pause der Page så set i gang i rett tempo. Gjennom heile songen endrar han tempo eit par takter om gongen, medan teksten omhandlar kjærleik og tilfredsheit. Det var den nest siste Led Zeppelin-songen Page skreiv utan medverknad frå Robert Plant. («Bron-Yr-Aur» frå Physical Graffiti var den siste.)

Songen nyttar eit enkelt dobbel vokalspor for å skape ei melodiøs kjensle. Songen nyttar ein standard Am G D C progresjon for versa før han går over i ein G C D progresjon for refrenget.

«Tangerine» vart ofte spela som ein del av det akustiske settet på konsertane deira i 1971 og 1972, og henta fram att for Earl's Court i 1975. At

Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - 12-strengsgitar, pedalsteelgitar John Paul Jones - bassgitar, mandolin John Bonham - trommer

Andre versjonar 1993: When Skip Jack Tripped (The Song Retains the Same II) 1995: Rebecca's Empire 1995: Big Head Todd and the Monsters (Encomium: A Tribute to Led Zeppelin) 1997: Life of Agony (Soul Searching Sun) 1999: Great White (Great Zeppelin: A Tribute to Led Zeppelin) 2002: The Section (The String Quartet Tribute to Led Zeppelin, Vol. 2) 2004: Benjamin Levine (Chamber Maid: The Baroque Tribute to Led Zeppelin) 2004: Classic Rock String Quartet (The Led Zeppelin Chamber Suite: A Classic Rock Tribute to Led Zeppelin) 2006: Marek Stycos (Godbody VI: the Dogleg) 2007: The Thermals (Bridging the Distance: a Portland, OR covers compilation)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tangerine (Led Zeppelin song)» frå , den 24. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Jimmy Page-songar