«Stairway to Heaven» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå 1971. Han vart skriven av gitarist Jimmy Page og vokalist Robert Plant for det fjerde albumet til bandet. Songen, som er like over åtte minuttar lang, består av fleire delar, som aukar i tempo og volum etter kvart som songen skrid fram. Songen startar som ei langsam akustisk folkevise med blokkfløyter, før elektriske instrument kjem inn. Den siste delen er ein langt raskare hardrock-del med ein intrikat gitarsolo av Page.

Songen vert ofte omtalt som ein av dei største rockesongane gjennom tidene,Shmoop (2010), Stairway to Heaven: Shmoop Music Guide, Shmoop University, Inc., ISBN 1-6106-2069-0, s.4Sep 2002 Issue. SPIN. SPIN Media LLC. og vart stemnd på 3. plass av VH1 på lista deira over dei 100 største rockesongane., og på 31. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Det var den mest etterspurte songen på FM radio i USA i 1970-åra, trass i at han aldri vart gjeven ut på singel der.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. I november 2007, gjennom nedlasting for Led Zeppelin sitt Mothership nådde han 37. plass på den britiske singellista.

Skriving og innspeling Innspelinga av «Stairway to Heaven» starta i desember 1970 i det nye studioet til Island Records, Basing Street Studios i London.Dave Schulps, Interview with Jimmy Page , Trouser Press, October 1977. Songen vart gjort ferdig med ekstra tekst av Plant under innspelinga av Led Zeppelin IV i Headley Grange i Hampshire i 1971. Page drog så attende til Island Studios for å spele inn gitarsoloen sin.

Songen kom til i 1970 då Jimmy Page og Robert Plant kvilte ut i Bron-Yr-Aur, ei avsidesliggande hytte i Wales, etter den femte nordamerikanske turneen til Led Zeppelin. I følgje Page skreiv han musikken «over ein lang periode, den første delen kom til ein kveld i Bron-Yr-Aur».Sutcliffe, Phil (April 2000). "Bustle in the Hedgerow". MOJO, s.62 Page hadde alltid ein bandopptaker med seg og ideen for «Stairway» kom til etter bitar frå lydbandet:Tolinski, Brad and di Benedetto, Greg (January 1998). "Light and Shade: A Historic Look at the Entire Led Zeppelin Catalogue Through the Eyes of Gitarist/Producer/Mastermind Jimmy Page". Guitar World, s. 100-104.

Eg hadde desse stykka, desse gitarstykka, som eg ønskte å sette saman. Eg hadde ein heil ide om eit musikkstykke som eg verkeleg ønskte å prøve å presentere for alle og avfinne seg me. Ganske vanskeleg faktisk, fordi eg starta på ein akustisk, men som du veit så går han over til elektriske parti. Me me gjekk gjennom songen i Headley Grange der eg spelte akustisk gitar og sprang opp, og tok på meg den elektriske gitaren. Robert sat i eit hjørne, eller lente seg mot veggen, og eg gjekk gjennom songen med resten av bandet med denne ideen og dette stykket, han berre skreiv. Brått reiste han seg og byrja å synge, under ein annan gjennomgang, og han må ha hatt 80 % av teksten der ... eg hadde desse delane, og eg visste kva rekkefølgje dei skulle gå i, men det var berre å få alle komfortable med kvart girskifte som var på veg.National Public Radio, Guitar Legend Jimmy Page, 2. juni 2003.

Led Zeppelin-bassist John Paul Jones minnest presentasjonen av songen etter Bron-Yr-Aur:

Page og Plant kom tilbake frå dei walisiske fjella med gitarintroen og verset. Eg høyrde han bokstavleg talt føre ein peis på ein herregard på landet! Eg fann ei bass-blokkfløyte og spelte ei strofe som gav oss introen, så flytta eg til pianoet for den neste delen, og dubba gitaren.Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 60-61.

I eit intervju i 1977 utdjupa Page:

Eg har originalbandet som gjekk då me spela heile «Stairway To Heaven» med bandet. Eg hadde gjort han ferdig kvelden før med John Paul Jones, skrive ned alle endringane og slikt. På denne tida budde me i eit hus og spelte fast i lag, så dagen etter starta med å gå gjennom songen. Det var berre ein stad me måtte gå gjennom på nytt. Av ein eller annan grunn klarte ikkje Bonzo å få timinga rett på 12-strengs-partiet før soloen. Anna enn det gjekk det veldig raskt.

Dei første forsøka med tekst, skriven av vokalist Robert Plant, ved peisen i Headley Grange, vart delvis spontant improvisert og Page hevda «ein stor del av teksten vart skriven der og då». Jimmy Page klimpra akkordane og Robert Plant hadde penn og papir. Plant sa seinare at brått,

«skreiv handa mi ned orda, 'There's a lady is sure, all that glitters is gold, and she's buying a stairway to heaven'. Eg berre sat der og såg ned på dei og hoppa nesten opp frå stolen.»

Teksten syner kva Plant las på denne tida. Songaren hadde gått gjennom verka til den britiske antikvariateten Lewis Spence, og siterte seinare Spence sin Magic Arts in Celtic Britain som ein av kjeldene til teksten i songen.

Page meinte at songen «sette opp farten som ein straum av adrenalin». Han forklarte:

I studiodagane for meg me og John Paul Jones, så var den eine tingen du ikkje gjorde å sette opp farten, fordi om du sette opp farten så vart du aldri sett igjen. Alt måtte vere på slaget heile vegen gjennom. Og eg ønskte verkeleg å skrive noko som sette opp farten, og tok kjensla og adrenalinet med dette, som eit slags crescendo. Og det var ideen bak det. Det var derfor det var vanskeleg å få partia saman.

Den komplette studioninnspelinga vart gjeven ut på Led Zeppelin IV i november 1971. Plateselskapet til bandet, Atlantic Records, ønskte å gje songen ut på singel, men manageren Peter Grant nekta dei dette både i 1972 og 1973. Fordelen var at platekjøparane i staden kjøpte heile albumet som om det var ein singel.

Komposisjon Songen består av fleire delar. Han byrjar med ein roleg introduksjon med ein fingerplukka 6-strengsgitar og fire blokkfløyte i renessansestil (endar ved 2:15). Dette glir gradvis over i ein elektrisk midtre del (2:16-5:33), så ein lang gitarsolo (5:34-6:44), før ein raskare hardrock del (6:45 til slutten).

Seksjonane vert bygde opp med fleire og fleire gitarar, som alle supplerer introen. Trommene kjem inn ved 4:18. Under mellomspelet før gitarsoloen startar, endrar taktarten mellom 4/4 og fleire andre taktartar: 3/4, 5/4 og til slutt 7/8. Den lange gitarsoloen til Jimm Page vart spelt på ein 1959 Fender Telecaster (eit instrument han nytta mykje i the Yardbirds).

Lydteknikar Andy Johns minnest innspelinga av den kjende soloen til Page:

Eg hugsar Jimmy hadde litt problem med soloen på «Stairway to Heaven»... Han hadde ikkje heilt funne ut av det. I dag brukar du stundom ein heil dag på ein ting. Den gongen gjorde me ikkje det. Me brukte ikkje lang tid på å spele inn noko som helst. Eg hugsar eg sat i kontrollrommet med Jimmy, han står der ved sidan av meg og han hadde gjort fleire forsøk men kom ikkje vidare. Eg såg at han byrja bli paranoid, så eg byrja å bli paranoid. Eg snudde meg og sa 'Du gjer meg paranoid!' Og han sa, 'nei du gjer meg paranoid!' Det var ein latterleg sirkel. Så bang! På det neste opptaket eller to så smelte han til."Their Time is Gonna Come", Classic Rock Magazine, December 2007

I følgje Page, «Stairway to Heaven»

...krystalliserte essensen i bandet. Han hadde alt der og viste bandet på sitt beste... som eit band, som ei eining. Utanom å snakke om soloar og slit, han hadde alt der. Me var forsiktige og ønskte ikkje å gje han ut som singel. Det var ein milepåle for oss. Alle musikarar ønskjer å lage noko som varer, noko som står att etter lang tid, og eg trur me gjorde det med «Stairway»."100 Greatest Guitar Solos", Guitar World Magazine, 14. oktober 2008 [Pete] Townshend tenkte truleg at han hadde klart det med Tommy. Eg veit ikkje om klarar å komme opp med noko meir. Eg må jobbe verkeleg hardt om eg skal klare å komme nær det stadiet av konsistent, total briljans.

Medverkande Robert Plant – vokal, tamburin Jimmy Page – gitarar John Paul Jones – blokkfløyte, elektrisk piano, bassgitar John Bonham – trommer

Taurus I løpet av åra har mange langt merke til at introduksjonen i songen, gitaren, liknar ein instrumental frå 1968 kalla «Taurus» var bandet Spirit.Guitar World Magazine, April 1997: "California's most enduring legacy may well be the fingerpicked akustisk theme of the song "Taurus," which Jimmy Page lifted virtually note for note for the introduction to "Stairway to Heaven." Zeppelin opna for Spirit på ein av dei tidlege amerikanske turneane deira, så det er liten tvil om at Led Zeppelin hadde høyrt Spirit-songen før «Stairway to Heaven» vart skriven.

Konsertutgåver Den første framføringa av songen fann stad i Ulster Hall i Belfast den 5. mars 1971.Llewellyn, Sian (December, 1998). "Stairway to Heaven". Total Guitar, s.61-62 Bassist John Paul Jones hugsar at det var liten respons frå publikum. «Dei keia seg medan dei venta på noko dei kunne frå før». Page hugsa derimot ei tidleg framføring på LA Forum, før plata kom ut:Tolinski, Bradllyn with Di Benedetto, Greg, (January, 1998). "Light & Shade". Gitar World, s.98

Eg seier ikkje at alle gav oss ståande applaus - men det var mange som reiste seg. Og eg tenkte, 'det er utruleg fordi ingen har høyrt denne songen før. Dette er første gong dei høyrer han!' Han rørte tydelegvis ved dei, så eg visste det var noko med han.Songfacts: Stairway to Heaven

Songen vart framført på nesten alle Led Zeppelin-konsertane sidan, og vart berre utelaten på kortare konsertar eller av tekniske årsaker. Den siste gong bandet spela songen var i Berlin den 7. juli 1980, som vart den siste konserten deira på 27 år. Det var òg den lengste versjonen med ei lengd på nesten 15 minuttar.

Bandet brukte ofte å trekke ut songen til over ti minuttar på konsertane, med ein lengre gitarsolo av Page. Page nytta ein dobbelhalsa gitar, slik at han ikkje trengde å byte gitar undervegs i songen. Songen frå 1975 ofte spela som finalen på konserten.

Songen vart igjen framført av dei overlevande Led Zeppelin-medlemmane på Live Aid i 1985; på Atlantic Records 40th Anniversary-konserten i 1988, med Jason Bonham på trommer; og av Jimmy Page som ein instrumental på soloturnean hans.

På Page and Plant-turneane spela dei introen av songen i dei siste tonane av «Babe I'm Gonna Leave You», og i november 1994 spela Page and Plant ein akustisk versjon av songen i Tokyo for japansk fjernsyn. «Stairway to Heaven» vart òg spela på konserten for Ahmet Ertegün i O2 Arena i London den 10. desember 2007.

Konsertopptak av songen er bevart i filmen The Song Remains the Same, frå Madison Square Garden i 1973, og Led Zeppelin DVD, frå Earls Court Arena i 1975. Lydopptak finst på The Song Remains the Same, Led Zeppelin BBC Sessions (frå Paris Theatre i London i 1971) og på How the West Was Won (frå Long Beach Arena i 1972). Det finst òg hundrevis av opptak på uoffisielle piratkopiplater.

Ettermæle «Stairway to Heaven» vert ofte rekna som ein av dei største rockesongane gjennom tidene. I følgje musikkjournalist Stephen Davis, sjølv om songen vart gjeven ut i 1971, så va det først i 1973 at songen fekk ein «hymneaktig».Stephen Davis, The Hammer of the Gods, William Morrow and Company Inc., New York, 1985, s. 150. Som Page sa, «eg visste at han var bra, men eg visste ikkje at han nesten skulle bli som ein hymne...men eg visste at det var juvelen på albumet, det er sikkert.»A to Zeppelin: The Story of Led Zeppelin, Passport Video, 2004.

«Stairway to Heaven» toppar framleis radiolistense som den største rockesongen, samt lesarkåringa i Guitar World frå 2006 over verdas beste gitarsoloar. 20 år etter songen kom ut vart det annonsert at amerikansk radio hadde spela songen kring 2 874 000 gonger. I 2000 hadde songen vorte spelt over tre millionar gonger på radio.Australian Broadcasting Corporation - Triple J Music Specials - Led Zeppelin (first broadcast 2000-07-12) Det er òg det mest seljande notearket for ein enkelt song i rockehistoria, og har eit sal på i snitt 15 000 årleg. Totalt er det seld over ein million eksemplar av notane.