mini|Kart over Europa laga av Pomponius Mela i det fyrste hundreåret. < Det fyrste hundreåret > varte frå og med år 1 til og med år 100 etter den gregorianske kalenderen.
venstre|mini|Romarriket i det fyrste hundreåret.
Hundreåret høyrer i europeisk historie med til antikken. Romarriket fortsette ekspansjonen og fekk under denne perioden sterkare og sterkare innflyting i Europa, Nord-Afrika og den nære austen, og i år 41 la det under seg England og Wales. Reformene som Augustus sette i gang stabiliserte Romarriket etter borgarkrigane som hadde rast i det førre hundreåret.
I Kina fortsette Han-dynastiet å dominere, berre avbrote av 14 år med Xin-dynastiet under Wang Mang. Hanstyret fekk makta att i år 23. Stigbøyelen blei truleg funnen opp her i dette hundreåret.
mini|upright|Egyptisk statue av Isis-Afrodite frå det fyrste hundreåret. Polyteistisk religion var vanleg i Romarriket, men den monoteistiske kristendommen byrja å spreia seg.
Religion Under styret til Tiberius vart Jesus, som dei kristne held for å vere Guds son, krossfesta i Judea. Dei fylgjande tiåra vart bodskapen hans boren vidt omkring av tilhengjarane hans. Den romerske staten starta forfylgjinga av dei kristne, noko som skulle fortsetje i fleire hundreår.
Hendingar
1: Løva vart utrydda i Vest-Europa. c.6: Folketeljinga til Quirinius. 8–23: Wang Mang hadde makta i Kina. 14: Den fyrste romerske keisaren, Augustus Caesar, døydde. Nevøen Tiberius tok over makta. 28–75: Keisar Ming frå Handynastiet hadde makta i Kina. Buddhismen nådde Kina. 27–36: Jesus vart krossfesta. Buddhistmunkar i Sri Lanka skreiv, som dei fyrste, ned læra til Buddha. Kaundinya, ein indisk brahmin, gifta seg med Soma og grunnla det kambodsjanske kongeriket Funan. Gotarane slo seg ned i Polen og forma Wielbarkkulturen. August 79: Pompeii og Herculaneum vart øydelagde i vulkanutbrotet til Vesuv. Romarriket fekk si største utstrekking, under Trajan.
Viktige personar mini|upright|Bronsestatue av Augustus. upright|mini|Byste av Caligula Apollonius frå Tyana Akiba Arminius Boadicea Augustus Caligula Claudius Domitian Du Shi Elisha ben Abuyah Galba Germanicus Jesus Døyparen Johannes Josephus Liu Xin Livy Nero Nerva Otho Philo Plinius den eldre Pontius Pilatus Seneca Strabo Tacitus Tiberius Titus Trajan Vespasian Vitellius Wang Chong Wang Mang