Afghanistan, offisielt Det islamske emiratet Afghanistan, er eit land på grensa mellom Sentral-Asia og Sør-Asia. Det grensar til Pakistan, Iran, Turkmenistan, Usbekistan, Tadsjikistan og Kina. Afghanistan er ein innlandsstat, og størstedelen av landet er vanskeleg tilgjengelege fjellområde.

mini|Flagget brukt av Taliban etter at dei kapra makta i 2021. Flagget vart òg brukt då dei sat ved makta frå 1996-2001.

Afghanistan er eit fleiretnisk land som har vore gjennomfartsåre både for fleire handelsruter mellom Asia og Europa/Midtausten, og for ulike erobrarar. Landet fekk si noverande utforming på 1800-talet, då det blei prega av russisk og britisk rivalisering i området. Sidan midten av 1900-talet har stoda i landet vore uroleg, med mange maktbytte og fleire tiår med krig. Afghanistan blei okkupert av Sovjetunionen i 1979 og av ein koalisjon leidd av USA i 2001. Samstundes har ulike grupperingar i landet kjempa mot kvarandre. Sidan den 15. august 2021 har Afghanistan vorte styrt av Taliban etter eit maktkupp, etter at NATO trakk seg ut, og den afghanske regjeringa kollapsa.

Namn mini|venstre|Historisk kart over det noverande Afghanistan-området som Khorasan i Persia, Sind og Hindustan.

Namnet «Afghanistan» kjem av det alternative namnet for pasjtunarar, «afghanarar», tradisjonelt brukt av ikkje-pasjtunarar.Ch. M. Kieffer, «Afghan», Encyclopaedia Iranica, Online Edition, 1982 Pasjtunarane var grunnleggjarane av det moderne Afghanistan. Siste del kjem frå det persiske ordet stān ('land, stad'). Namnet blei brukt om heile landet i den anglo-persiske fredsavtalen frå 1801 og i seinare diplomatiske avtalar, og er stadfesta i den første afghanske grunnloven frå 1923.THE CONSTITUTION OF AFGHANISTAN APRIL 9, 1923 , Constitutions of the Past (1923), afghan-web.com Tidlegare hadde stormogul Babur omtalt eit område sør for Kabul som Afghanistan. Tidlegare former av namnet er Avagana (Afghana) nemnd av den indiske astronomen Varahamihira på 500-talet, og Abgan, brukt av sasanidane på 200-talet.«History of Afghanistan», Encyclopædia Britannica Online.]

Andre namn brukt om landet er Kabulistan eller kongeriket Kabul, men historisk var området gjerne omtalt som Khorasan.«Khorāsān», Encyclopædia Britannica (2011), Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.

Geografi mini|venstre|Topografisk kart over landet.

Med eit areal på er Afghanistan det 41. største landet i verda. Det er om lag dobbelt så stort som Noreg.«Afghanistan», Encyclopædia Britannica (2011), Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica Tadjikistan, Turkmenistan og Usbekistan grensar til Afghanistan i nord, Iran i vest, Pakistan i sør og Kina i aust.

mini|Fjellandskap i Badakhshan-provinsen nordaust i Afghanistan. Afghanistan er eit fjellendt land utan kyst med sletter i nord og sørvest. Det høgaste punktet er Nowshak på 7485 meter over havet. Klimaet varierer frå region til region og endrar seg ofte raskt. Store delar av landet er tørt og det er få ferskvasskjelder. Det endorheiske Sistan-bekkenet er eit av dei tørraste områda i verda.

Medan sørvestlege område av landet er ørken eller særs tørre og berre, finst meir fruktbare delar nord i landet. Her finst steppeområde og dyrka mark.«Afghanistan», World Encyclopedia, Philip's. Henta 29. mai 2013

Landet vert ofte utsett for mindre jordskjelv, særleg nordaust for fjellområdet Hindukush. I 1998 vart om lag 125 landsbyar øydelagde og 4000 menneske mista livet. I mars 2002 råka ei rekkje jordskjelv landet der 1800 mista livet og tusenvis av heimar vart øydelagde.

Naturressursar Landet har mange naturresursar, som gull, sølv, kopar, sink, jernmalm i søraust, edelsteinar (som lapis, smaragd og asur) i nordaust og kanskje omfattande petroleum- og naturgassfelt i nord. Landet har òg uran, kol, kromitt, talkum, barytt, svovel, bly og salt.Afghanistan , CIA World Factbook.Gold and copper discovered in Afghanistan.Uranium Mining Issues: 2005 Review.16 detained for smuggling chromites, Pajhwok Afghan News. Mange av desse minerala og energikjeldene er i stor grad urørte på grunn av all uroa i landet. Det er likevel planar om å starte utvinning av ressursane i nær framtid.Afghanistan’s Energy Future and its Potential Implications, Eurasianet.org.Govt plans to lease out Ainak copper mine, Pajhwok Afghan News.

Klima Fjellområda like sør for landet stoppar monsunen før den går inn i landet, og Afghanistan har dermed eit tørt klima. Ytterkanten av lågtrykk som kjem inn over Midtausten frå Middelhavet kan gje litt regn om vinteren, eller snø i høgda. Temperaturane er derimot låge, særleg i høgda som ofte kan få frost. Om sommaren kan det derimot bli svært varmt, spesielt i låglandet. Kabul har ein årleg nedbørsnormal på 339 mm, medan Kandahar berre har 178 mm.

Plante- og dyreliv mini|venstre|Snøleopard i Afghanistan. Den tørre sørlege delen av landet har sparsomt plantedekke, mange plantar som blomar, gras og urter veks hovudsakleg berre under regntida om våren. Nordlege område har meir vegetasjon, og nokre fjellområde kan vera meir grøderike. Tre veks nesten berre i fjella, der ein kan finna bartre som gran og furu i dei høgaste områda og sedertre, eik, ask, or, einer og valnøtt. Berre rundt 3 % av landet er skogdekt.

Dyrelivet trivst i tynt folkesette område. Det omfattar fjellevande dyr som villgeit og villsau, brunbjørn, rev, ulv, sjakal, stripehyene og snøleopard, og meir lågtlevande dyr som gaselle, mungo, piggsvin, flaggermus, spissmus og springrotte. Tidlegare levde også tigrar i landet, men dei er blitt utrydda.

Det lever fleire rovfuglar her, som ørner og gribbar. Andre lokale fuglar er kråke, vaktel, fasan og rapphøns og våtmarksfuglar som trane, bekkasin og pelikan. Fleire trekkfuglar stoppar her om våren og hausten. I elvene lever ulike typar ferskvassfisk, mellom anna aure, som det finst mykje av nord i Hindukushfjella. Det lever også fleire reptil i landet, nokre med Afghanistan som hovudleveområde, som eller (Paradactylodon mustersi og (Eublepharis macularius afghanicus).

Demografi mini|Eit etnolingvistisk kart over Afghanistan frå 1997 viser eit samansett land. I 2012 var det estimerte folketalet til Afghanistan 31 108 077. Kriginga har ført til store forflyttingar, både inne i landet, til dømes til relativt trygge Kabul, og til andre land som flyktningar, særleg i Pakistan og Iran.Stalker, Peter, «Afghanistan», A Guide to Countries of the World, Oxford University Press, 2010.

Størsteparten av afghanarar bur på landsbygda. Den einaste byen med over ein million innbyggjarar er hovudstaden Kabul. Dei andre større byane er, i synkande rekkjefølgje etter innbyggjartal, Kandahar, Herat, Mazar-i-Sharif, Jalalabad, Lashkar Gah, Taloqan, Khost, Sheberghan og Ghazni.

Afghanarar tilhøyrer fleire ulike folkegrupper. Den største er pastjunarar, som utgjer rundt 42 % av alle. Deretter følgjer tadsjikar (27 %), hazarafolk (9 %), usbekar (9 %), aimakfolk (4 %), turkmenarar (3 %), balotsjar (2 %) og andre (4 %). Dari (afghansk persisk) og pasjto er offisielle språk og blir snakka av eit fleirtal i landet, med dari som lingua franca. Mindre språk er usbekisk, turkmensk, balotsji, pasjai, nuristani og pamiri. Språka høyrer til fire ulike språkgrupper (indoarisk, iransk, altaisk og dravidisk), noko som gjer dei svært forskjellige.Afghanistan Language Families. Kart ved Ethnologue.com

Sunniislam er den største religionen i landet, og omfattar rundt 80 % av folkesetnaden. Rundt 19 % er sjiamuslimar, medan 1 % tilhøyrer andre religionar.

Historie mini|Litografi frå Kabul under den første anglo-afghanske krigen (1839-42). Afghanistan vert ofte kalla «vegkrysset i Sentral-Asia», og har ei turbulent historie. Regionen som i dag heiter Afghanistan har opp gjennom tidene vorte okkupert av mange styrkar inkludert Aleksander den store, Det persiske riket, Kusjanriket og Djengis khan. Overgangen til islam byrja på 600-talet, og fleire lokale muslimske rike blei seinare erobra av mongolar i 1222.«Afghanistan», A Dictionary of World History, Wright, Edmund (red.), Oxford University Press, 2006. Ghaznavidane bygde eit rike som strekte seg til dagens India, og blei seinare sultanar av Delhi. Dei blei etterfølgd av ghoridane.

Den afghanske staten slik vi kjenner den i dag, oppstod i 1746 under Durrani-dynastiet. Kampen om kontroll over Afghanistan var del av «det store spelet» mellom Storbritannia og Russland, og britane hadde stort sett kontroll over landet fram til kong Amanullah kom på trona i 1919 og oppnådde sjølvstende.

Sidan 1900 har elleve leiarar vorte fjerna udemokratisk: 1919 (attentat), 1929 (abdisert), 1929 (avretting), 1933 (attentat), 1973 (fjerna), 1978 (avretting), 1979 (avretting), 1979 (avretting), 1987 (fjerna), 1992 (kasta), 1996 (kasta) og 2001 (kasta).

Den siste stabile perioden i Afghanistan var mellom 1933 og 1973 då landet var under kong Zahir Shah. I 1973 gjennomførte kongen sin svoger, Mohammed Daoud Khan, eit kupp. Daoud og heile hans familie vart myrda i 1978 då det afghanske kommunistpartiet overtok styret gjennom eit kupp. Motstanden mot regjeringane som fylgde var betydeleg, og påverka av andre land. I tillegg var regjeringane prega av innbyrdes konflikt. Då regjeringa stod i fare for kollaps, intervenerte Sovjet 24. desember 1979. Mujahedin sin motstand, støtta av USA, Pakistan og andre land, førte til at rundt 15000 sovjetiske soldatar mista livet i Den afghansk-sovjetiske krigen. Dette i tillegg til internasjonalt press førte til at Sovjet trekte seg ut ti år seinare i 1989.

Den afghanske konflikten heldt fram mellom ulike mujahedin-fraksjonar. Dette førte til opprettinga av ein tilstand der krigsherrar regjerte og Taliban oppstod. Dei mest alvorlege samanstøyta hende i 1994 då 10 000 menneske vart drepne frå ulike fraksjonar i kampane rundt Kabul. Støtta av Pakistan og Pakistan sine allierte utvikla Taliban seg til ein politisk og religiøs maktfaktor og tok til slutt makta i 1996. Taliban klarte å erobre 90 % av landet, bortsett frå Nordalliansen sine festningar fyrst og fremst i nordaust. Taliban freista å gjennomføre ei streng tolking av islamsk sharia-lov. Alliansen mellom Pakistan og Taliban gav muslimske terroristar støtte og ein trygg gøymestad (særleg Osama bin Laden sitt al-Qaida) og var sentrum for islamistisk terrorisme.

Den amerikansk-leia alliansen sin militære intervensjon som starta 7. oktober 2001 førte til Taliban sitt fall. Angrepet var eit svar på terroristangrepet i USA 11. september same året. Seint i 2001 møtte leiarar frå motstandsgruppene i Afghanistan og områda rundt i Bonn og vart einige om ein plan for opprettinga av ein ny regjeringsstruktur der Hamid Karzai vart formann i et afghansk interimstyre i desember 2001. Etter eit landsdekkjande loya jirga i 2002 vart Karzai vald til president.

I tillegg til sporadiske valdelege politiske opptøyar og pågåande militære aksjonar for å reinske ut restane av al-Qaida og Taliban, slit landet med enorm fattigdom, krigsherrar som tek seg til rette, ein svært svak infrastruktur og landminer. Landet har også vore råka av tørke på 2000-talet og var jordskjelv i 1998 og 2002.

Politikk Afghanistan er ein islamsk republikk som sidan 2001 har vore styrt etter maktfordelingsprinsippet. President og leiar for den utøvande makta i landet er Hamid Karzai, den todelte nasjonalforsamlinga utgjer den lovgjevande makta, medan domstolane utgjer den dømmande makta. Den langvarige væpna konflikten og etniske, religiøse og stammekonfliktar set også preg på styret av samfunnet. I dei ulike institusjonane går ei skiljeline mellom «moderne», vestleg-orientert på den eine sida og «tradisjonelle», fundamentalistisk-orienterte på den andre.Amin Tarzi, «New Supreme Court Could Mark Genuine Departure» , RFE/RL, e-ariana.com, 13/08/2008.

Administrativ inndeling

Afghanistan er delt inn i 34 provinsar (velayat): 1 Badakhshan 2 Badghis 3 Baghlan 4 Balkh 5 Bamiyan 6 Daikondi 7 Farah 8 Faryab 9 Ghazni 10 Ghowr