Hohhot (mongolsk: den blåe byen) er ein by på prefekturnivå i regionen Indre Mongolia i Folkerepublikken Kina. Sjølve byen hadde 817,500 innbyggjarar i 2002.

Infrastruktur

Hohhot vart erklært som meierihovudstaden i Kina i 2005. Byen er handelssenter for det mongolske kveitedistriktet og er ein veksande industriby. Her ligg møller, veveri og garveri, kjemisk industri, samt traktor- og motorfabrikkar. Indre Mongolia sitt fyrste universitet ligg i Hohhot. Universitetet, som er frå 1957 er ein av fleire høgare utdanningsinstitusjonar i byen. Det ligg også eit museum og bibliotek her.

Kommunikasjonen i byen er god, med både jarnbane og vegnett.

Administrative einingar

Kart # Namn Hanzi Hanyu Pinyin Folketal (2004 est.) Areal (km²) Tettleik (/km²) 200pxDistrikter1Huimin回民区Huímín Qū220 0001751 2572Xincheng新城区Xīnchéng Qū320 0007004573Yuquan玉泉区Yùquán Qū190 0002138924Saihan赛罕区Sàihǎn Qū360 0001 013355Fylker5Togtoh托克托县Tuōkètuō Xiàn200 0001 3131526Wuchuan武川县Wǔchuān Xiàn170 0004 885357Horinger和林格尔县Hélíngé'ěr Xiàn190 0003 401568Qingshuihe清水河县Qīngshuǐhé Xiàn140 0002 85949Bannere9Venstre tumed土默特左旗Tǔmòtè Zuǒ Qí350 0002 712129

Kjelder

Bokmåls- og engelsk wikipedia om Hohhot, henta inn 30. mars 2011.

Kategori:Indre Mongolia Kategori:Byar i Kina