Richard Anthony «Tony» Newman () er ein engelsk trommeslagar. Han har spelt i banda Sounds Incorporated, May Blitz, Three Man Army og T. Rex, Boxer og har i tillegg arbeidd med Jeff Beck, David Bowie, Donovan, Mick Ronson, Gene Vincent, Crystal Gayle og Smashers.
Han spelte på Donovan sin «Barabajagal» (1968),Donovan, Troubadour: The Definitive Collection, 1964-1976, Epic Legacy CD 46986: Liner notes. samt Jeff Beck-albumet Beck-Ola (1969). For David Bowie spelte han på albumet Diamond Dogs i 1974 og den påfølgjande nordamerikanske turneen hans, inkludert ei innspeling i Tower Philadelphia gjeven ut som David Live. Newman var ein av trommeslagarane som spelte på filmmusikken til The Who-filmen Tommy.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tony Newman (drummer)» frå , den 31. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Folk frå Southampton Kategori:T. Rex-medlemmer