Andreas Theodor Holm () var ein norsk landhandlar, ordførar og stortingsmann frå Kristiansand.

Holm var son til ein skipper. I yngre år var han kontorist hos sorenskrivaren i Herefoss. År 1852 kjøpte han sorenskrivargarden på Nes i Herefoss, der han sidan dreiv landhandel. Holm var ordførar i Herefoss frå 1858 til 1885. Attåt hadde han ei mengd kommunale verv. Også amtsrevisor i mange år.

Holm representerte Nedenes amt på Stortinget frå 1874 til 1885. Både i 1883 og 1885 vart han permittert, frå høvesvis 29. mars og 14. mars, begge gongane grunna sjukdom. Heile si stortingstid var han medlem av vegkomiteen. Frå 1880 var han også medlem av Lagtinget.

Vinteren 1886 døydde han i heimen sin i Herefoss.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Ordførarar i Herefoss