Bredon Hill er ein ås i Worcestershire i England, sørvest for Evesham i Vale of Evesham. Åsen høyrer geologisk sett til Cotswolds og høyrer til Cotswolds Area of Outstanding Natural Beauty. Toppen har ei høgd på 299 meter over havet.
På toppen står eit lite steintårn kalla Parsons Folly (eller Kemerton Tower). Tårnet vart bygt på midten av 1700-talet for John Parsons, MP (1732–1805), ein godseigar, og var meint som sommarbustaden hans. Tårnet vart eit velkjent landemerke og ein trur det kan ha inspirert til bygginga av Broadway Tower.
På åsen er det òg restar etter eit åsfort frå jernalderen, kalla Kemerton Camp. Elmley Castle ligg på nordsida av åsen, og her er òg ruinane etter eit mellomalderslott.
Landsbyar
Rundt åsen ligg landsbyane Kemerton Bredon & Bredon's Norton Eckington Great Comberton Little Comberton Elmley Castle, Bricklehampton & Netherton Ashton under Hill Beckford Overbury & Conderton
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bredon Hill» frå , den 3. april 2011. oppgav desse kjeldene: Page, W. ed. (1913). Victoria County History: A History of the County of Worcester, Volume III Elrington, C.R. ed. (1968). Victoria County History: A History of the County of Gloucester, Volume VIII.
Kategori:Åsar i Worcestershire Kategori:Site of Special Scientific Interest i England