Sir Thomas More (), også kjend som heilage Thomas More, var ein engelsk advokat, forfattar og statsmann. Medan han levde hadde han omdøme som ein av dei leiande engelske humanistane og hadde mange offentlege embete, mellom anna stillinga som rikskanslar frå 1529 til 1532.Linder, Douglas O.: «The Trial of Sir Thomas More: A Chronology», University Of Missouri-Kansas City (UMKC) School Of Law Han var også ven av Erasmus frå Rotterdam.

More skapte ordet «utopi», etter namnet «Utopia» som han gav til ein ideell, innbilt øynasjon med eit politisk system han skildra i ei bok utgjeven i 1516. Han er hovudsakleg hugsa for å nekte å akseptere kong Henrik VIII sitt krav å bli overhovud for kyrkja i England under reformasjonen, ei avgjerd som enda hans politiske liv og førte til avretting for forræderi på Tower Hill i London. Før han blei avretta sa han til tilskodarskaren at han døydde som «kongens gode tenar, men først og fremst Guds.»«About Famous Quotes» , The Center for Thomas More Studies ved University of Dallas

Helgenstatus I Den katolske kyrkja blei han rekna som martyr kort tid etter han døydde, men først i 1886 blei han formelt sælekåra saman med biskop John Fisher, ein nær ven. Dei to blei heilagkåra saman i 1935 av pave Pius XI, og blir feira saman den 22. juni.St. «Thomas More, 1478–1535», Savior.org«Homily at the Canonization of St. Thomas More» , The Center for Thomas More Studies ved University of Dallas, 2010, sitat: «Recorded in The Tablet, June 1, 1935, pp. 694–695» I 2000 blei han formelt erklært å vere vernehelgen for advokatar, politikarar og statsleiarar. More blei oppteken i den anglikanske kyrkja sin kalender over helgenar i 1980.

Kjelder

Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Engelske politikarar Kategori:Engelske helgenar Kategori:Katolske helgenar Kategori:Anglikanske helgenar Kategori:Avretta personar Kategori:Latinspråklege forfattarar