Ole Eriksson Grændsen () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Holt i Aust-Agder.
Grændsen var son til ein gardbrukar. Tida 1862-73 var han arbeidsformann på eit sagbruk i Dybvåg. Sidan var han gardbrukar på farsgarden i Holt. Frå 1882 var han i tillegg medeigar i ei trelastforretning. Grændsen var medlem av heradsstyret frå 1876 til 1907, ordførar i mange år frå 1888. Forlikskommissær frå 1893 og sparebankdirektør.
Grændsen representerte Nedenes amt på Stortinget 1889-97 og 1903-06. I alle år var han medlem av konstitusjonskomiteen, elles medlem av Lagtinget 1896-97 og 1903-06, samt valkomiteen 1903-06.
Han døydde på slektsgarden i Holt i 1922.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Folk frå Tvedestrand