Carl Ingwart Theodor Rynning () var ein norsk sakførar, embetsmann og stortingsmann frå Sauland i Telemark. Ole Roald Rynning var bror hans.

Rynning var son til ein lensmann. Sjølv vart han student frå Heltbergs studentfabrikk i Christiania i 1856 og cand. jur. i 1862. Frå 1863 var han fullmektig hos sorenskrivar, sidan 1866 overrettssakførar på Røros. I 1878 vart han tilsett som fut og sorenskrivar i Alta. Etter fem år i embetet vart han amtmann i Finnmark, noko han var i to år. Sidan 1885 var han sorenskrivar i Ringerike.

Rynning var 2. representant frå Finmarkens amt på Stortinget i perioden 1883-85. Han var medlem av jarnbanekomiteen. På tinget slutta han seg til partiet Høgre då det vart danna.

I 1892 døydde han på skrivargarden i Norderhov.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Finnmark Kategori:Folk frå Hjartdal