Koufonísia (gresk Κουφονήσια) var tidlegare ein eigen kommune i Hellas. Han omfatta dei to små øyane Áno Koufonísi og Káto Koufonísi i Kykladane i Egearhavet, samt naboøya Kéros. Det samla arealet er 14 km².
Frå 2011 inngår øyane som ei kommunaleining i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Koufonísia 391 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 389 innbyggjarar.
Øyane ligg søraust for Náxos og vest for Amorgós.
Referansar
Kjelde
Koufonisia Koufonisia Koufonisia Koufonisia